MOT

MOT er ein organisasjon du som barne- og ungdomsarbeidar vil kunne kome til å samarbeide med anten du arbeider i skulen eller på andre arenaer der barn og unge oppheld seg. Informasjonen under er i stor grad henta frå MOT si heimeside. Denne nettsida finn du lenkje til ute til høgre.
Grunntanken til MOT:
Gjere ungdom medvitne slik at dei tek val som gjer at dei meistrar livet.
Styrkje ungdom sitt mot til å ta vare på seg sjølve og kvarandre.
Drive haldningsarbeid med fokus på verdiar, val og tru på eigne krefter.
Grunnføresetnadane til MOT:
Mot er den viktigaste eigenskapen eit menneske har.
Mennesket er skjørt og sårbart - og er eit produkt av oppveksten sin og omgivnadene sine.
Mennesket er robust og motstandsdyktig - og kan sjølv ta avgjerdsler om si eiga framtid uavhengig av fortida si.
Grunnverdiane til MOT:
Mot til å leve
Mot til å bry seg
Mot til å si nei
Opphavsmann: MOT
Måla til MOT:
- Robuste ungdommar som tek medvitne val og trur på eigne krefter
- Varme og trygge miljø der ungdom gjer kvarandre verdifulle, og ulikskapar blir aksepterte
Visjonen til MOT:
Varmare og tryggare oppvekstmiljø
Filosofien til MOT er bygd opp av tre hovudelement: Grunntanke, Grunnføresetnader, Grunnverdiar.
MOT-filosofien har røtene sine frå 1977 og inspirasjonen har vore å utvikle ein livsfilosofi. Denne filosofien kan hjelpe unge menneske til å kjenne seg trygge og verdifulle, tenkje sjølve og ta vare på evnene og talenta sine. Han kan gjere støttespelarane til dei unge medvitne om kor viktige dei er for barn og ungdom og byggje eit fundament for eit positivt samfunnsliv.
Gjennom skulebesøka og haldningsarbeidet til MOT får ungdom verktøy til å gi positiv energi til seg sjølve og omgivnadene sine.
Det vesentlegaste i programma til MOT er MOT-medarbeideren sitt møte med ungdom, fleire gonger per år, gjennom å vere til stades. I perioden 1997-2007 har MOT-medarbeidarar styrka motet til meir enn 110.000 ungdommar. Det viser svar frå ungdom i eksterne evalueringar.
I tillegg held desse MOT-medarbeidarane foredrag og møte med dei viktigaste støttespelarane til ungdommen; føresette og lærarar i skulen, og trenarar og leiarar i fritidssektoren.
MOT i ungdomsskulen
MOT i ungdomsskulen er eit heilskapleg pedagogisk program der elevane møter MOT 15 gonger over 3 år. Alle besøka har ulikt innhald, og tek sikte på å skape eit godt miljø gjennom å gjere ungdommane medvitne og trene dei i samhandling og kommunikasjon, i det å setje grenser for seg sjølve og respektere andre sine grenser, å fokusere på det positive og rose seg sjølv og andre og å skape meistringskjensle og gi kvarandre kjensler av å vere viktige og verdifulle.
MOT i den vidaregåande skulen
MOT i den vidaregåande skulen er eit heilskapleg pedagogisk program der elevane møter MOT i ulike samanhengar gjennom 3 år. Besøka byggjer vidare på programmet i ungdomsskulen, der ungdommane får trening i å bruke MOT sine kommunikasjonsverktøy til dagleg, i å ha mot til å bry seg, seie nei og til å leve.
MOT i vidaregåande er frå 2010 og byggjer på prinsippet om at ungdom skal formidle bodskapen til ungdom. Derfor kan elevar i vg2 søkje om å bli Ungdom Med MOT (UMM). Desse blir skolerte (3 dagar) og vil fungere som ei miljøgruppe resten av skuleåret dei går vg2. Når dei startar på vg3 vil dei gå inn i vg1-gruppene og kjøre 4 MOT-besøk i kvar gruppe. I tillegg vil russen ha eigne russebesøk som blir kjørte av MOT-informatørane til skulen. Enkelte vidaregåande skular kjører også eit eige ”Nettvettbesøk”.
MOT i fritid
MOT i fritid er eit verktøy i kultur- og verdibygging blant ungdom og vaksne på fritidsarenaene deira. MOT sine program i skulane blir supplerte av at MOT er til stades på fritidsarenaen. Fritida blir ein treningsarena der ungdom i stor grad får setje MOT-verktøya dei lærer om på skulen ut i livet.
Historia til MOT
Det starta med ein lidenskap og ein draum - ein lidenskap for mennesket og ein draum om å bli skøyteløparar. Deretter blei det til ein idé, og to skøyteløparar som ønskte å styrkje mot hos ungdom.
MOT blei starta av norske toppidrettsutøvarar. Initiativtakarane var skøyteløparane Johann Olav Koss og Atle Vårvik. Les meir om historia på MOT sine sider.
Det noko originale namnet ”MOT” blei valt fordi det ligg ein stor styrke i det. Mot er den viktigaste eigenskapen eit menneske kan ha, fordi han er ein garanti for dei andre eigenskapane og verdiane vi ønskjer å stå for, og for integriteten vår.
Utfordringar til deg
.

