Hopp til innhald

Fagstoff

Merkedager som pedagogiske ressursar

Rammeplanen for barnehagar seier at barn har rett til å få kjennskap til tradisjonar knytte til høgtider i dei livssyna som er representerte i barnehagen.
Hender med armbånd som danner en ring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste religionar har sine eigne festar, høgtider og seremoniar. Det gir oss gode høve til å gi barna eit spennande glimt inn i kulturane til leikekameratane. Samtidig er det med på å styrkje eigenidentiteten hos barna når høgtider og seremoniar i kulturen deira blir markerte. Dei føler at dei er verde noko, og kjenner seg stolte.

Barnehagen skal ikkje drive forkynning av ein bestemt religion. Religiøse merkedagar er alikevel gode høve til å samle ungane og feire høgtidsdagane saman. Slike markeringar skal berre innehalde aktivitetar på barna sine premissar, og skal elles brukast til å formidle fagstoff om den aktuelle religionen eller høgtida.

Antirasistisk senter lagar kvart år ein kalender med merkedagar for mange ulike religioner og kulturar. Kalenderen finn du på heimesida til Antirasistisk senter. Følg lenkja.

I lenkjesamlinga finn du ein del tips til aktivitetar og verkemiddel som du kan utnytte pedagogisk i ein fleirkulturell og fleirreligiøs samanheng. Vi har prøvd å gruppere dei, men dei kan naturlegvis kombinerast på kryss og tvers. Her er det berre fantasien som set grenser!

Utfordringar til deg

  1. Kva kan menneske frå andre kulturar lære oss?
  2. Korleis kan vi lære av kvarandre?
  3. Kvifor er det viktig å kunne lære av kvarandre?
  4. Gi eksempel på noko du har lært frå ein annan kultur.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Einar Gjærevold og Gro Nedberg Grønlid. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 03.04.2018

Læringsressursar

Kultur og religion