Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukepleie ved hjartesvikt

Ulike hjarte- og karsjukdommar kan føre til hjartesvikt. Målet med behandling og sjukepleie for personar med hjartesvikt er å førebygge forverring av tilstanden og å sørge for betre helse og livskvalitet.
Eldre mann med blodtrykksmålar rundt handleddet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Observasjonar

Vi observerer med tanke på symptoma og ser etter teikn på forverring av tilstanden. Ved forverring må du kontakte sjukepleiar og lege omgåande. Som helsefagarbeidar må du òg observere teikn på komplikasjonar i samband med immobilitet, og om levesettet til pasienten samsvarer med hjartesvikt.

Aktivitet og kvile

Fysisk aktivitet bør styrast etter plagene og vere tilpassa funksjonsnivået til hjartet. Kroppen må ikkje belastast meir enn han toler. Ein pasient med hjartesvikt kan ikkje trene seg opp slik ein til dømes kan etter eit hjarteinfarkt. Klarer pasienten å mosjonere litt, er det nyttig. Over tid kan auka fysisk aktivitet betre pumpefunksjonen til hjartet. Ein fysioterapeut bør saman med legen til pasienten setje opp eit tilpassa treningsopplegg. Tilpassa hjelpemiddel kan bidra til å auke moglegheitene pasienten har til å halde ein viss aktivitet.

Hos pasientar som har ein alvorleg hjartesvikt, kan legen tilrå sengeleie for å redusere arbeidet til hjartet. Det er likevel viktig at ein pasient i sengeleie får gjere øvingar i senga, anten aktivt eller passivt. All aktivitet er positivt når det gjeld å førebygge komplikasjonar ved immobilitet.

At pasienten blir stimulert mentalt, er òg ei form for aktivitet. Derfor bør pasienten oppmodast til å lese aviser, sjå på tv, høyre på radio og eventuelt halde fram med hobbyar og interesser om dette er mogleg sjølv om aktivitetsnivået er redusert. Ein pasient med hjartesvikt vil oppleve trøyttleik, så god kvalitet på søvn og kvile er viktig.

Dersom pasienten har svært forstørra milt eller lever, er det ein viss fare for at desse organa kan sprekke. Då er det nødvendig å ta forholdsreglar i stell og aktivitet slik at pasienten til dømes ikkje blir utsett for slag eller anna belastning i mageregionen.

Dampkokte grønsaker i kvit skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ernæring

Ved hjartesvikt blir det tilrådd små og hyppige måltid. Store og tungtfordøyelege måltid utgjer ei ekstra belastning for hjartet. Ein pasient med hjartesvikt bør redusere saltinntaket for å lette arbeidet til hjartet. Salt bind væske i kroppen, og å transportere mykje væske aukar belastninga på hjartet. Det totale saltinntaket i løpet av døgnet bør ikkje overskride ei teskei.

Ein pasient som er overvektig, bør gå ned i vekt. Det er tungt for hjartet å arbeide dersom kroppen er stor. For å redusere vekta bør pasienten ete mindre metta feitt, auke inntaket av fiber, ete små og hyppige måltid og færre raske karbohydrat. Kostreduksjonen bør gjerast i samråd med legen til pasienten og ein kosthaldsekspert.

Dersom urinmengda aukar ved bruk av vassdrivande medisinar, fører det til tap av salt, spesielt kalium. For lågt kaliuminnhald i blodet kan gi forstyrringar i hjarterytmen. Pasienten bør derfor ete matvarer som er rike på kalium, til dømes bananar, appelsinar og grønsaker.

Nokre hjartesviktpasientar har drikkerestriksjonar. Mindre inntak av væske redusere arbeidsbelastninga for hjartet. Legen til pasienten bestemmer då kor mykje væske pasienten kan få i døgnet. For å ha kontroll på væskemengda er det anbefalt å måle mengda som går både inn og ut (drikke og diurese). Viss pasienten opplever tørste på grunn av væskerestriksjonane, kan tørsten lindrast ved å gi pasienten isbitar og sukkerfrie pastillar. Drikkerestriksjonar og bruk av vassdrivande medisinar aukar faren for dehydrering, derfor er det viktig å vere merksam på symptom knytte til dehydrering.

Alkohol reduserer styrken i hjartemuskulaturen og bør derfor unngåast.

Eliminasjon

Vassdrivande drikke som kaffi og te bør unngåast på kveldstid. Medisinar som verkar vassdrivande, bør heller ikkje takast om kvelden. Dersom pasienten opplever at nattleg vasslating er eit problem, kan ein mannleg pasient få ei urinflaske tilgjengeleg om nettene. Kvinner kan få bekken eller eventuelt ein dostol ved senga dersom det er vanskeleg å komme seg opp på toalettet.

Ein pasient med hjartesvikt er utsett for å få komplikasjonar som urinvegsinfeksjon og obstipasjon dersom han eller ho får drikkerestriksjonar og blir immobil. Det er då nødvendig å setje inn tiltak for å førebygge slike komplikasjonar.

Sirkulasjon

Ein pasient med hjartesvikt kan få ødem (væskesamlingar) i kroppen. For å ha ein viss kontroll med kor mykje vatn som har samla seg i kroppen, er det nødvendig å vege pasienten. Legen avgjer kor ofte pasienten skal vegast. Væskesamlingar rundt anklane kan reduserast ved at pasienten nyttar kompresjonsstrømper og sit og ligg med beina heva. Kompresjonsstrømpene skal takast av om nettene.

Pasientar med hjartesvikt frys lett på grunn av den dårlege blodsirkulasjonen, og dei treng derfor varme klede og høgare romtemperatur.

Ein eldre mann får ekstra oksygen gjennom eit nesekateter. Ein kvinneleg helsefagarbeidar festar oksygenslangen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Respirasjon

Hjartesvikt kan føre til dyspné (tung pust). For å redusere plagene er det formålstenleg å heve overkroppen til pasienten ved sengeleie. Thoraxleie (heva hjartebrett på senga) bidreg til å lette respirasjonsvanskar, og forbetrar på den måten søvn og kvile. Godt utlufta rom, reine sengeklede, dempa belysning, roleg musikk og ei kjensle av tryggleik påverkar òg søvnkvaliteten positivt.

Dersom pasienten har stor andenød, vil det lette respirasjonen om pasienten set seg med armane over ein stolrygg og hendene på eit bord. Dette "opnar" brystkassa og gjer det enklare å puste. Det kan òg lette på pustevanskane at vi pustar i takt med pasienten, stryk pasienten over ryggen og roar han eller ho. Angst aukar behovet for oksygen og gjer det vanskelegare å puste.

Vassdrivande medikament kan fjerne væskesamlinga i lungene og lette pusten. Dersom pasienten har stor hjartesvikt, kan det vere nødvendig med kontinuerleg tilførsel av oksygen. Oksygen blir gitt gjennom nasekateter eller maske. Pasientar som bruker oksygen, må få informasjon om brann- og eksplosjonsfaren. Røyking og bruk av open eld i nærleiken av oksygenapparatet er svært farleg.

Pasientar med hjartesvikt bør oppmodast til å stumpe røyken. Røyking har fleire uheldige biverknader. Mellom anna søkk mengda oksygen som blodet klarer å føre med seg, og nikotinen i tobakk aukar belastninga på hjartet. Det er derfor svært uheldig at pasientar med hjartesvikt røyker.

Du som helsefagarbeidar bør informere pasienten om helsegevinsten ved røykeslutt og tilrå ulike tiltak for å klare å stumpe røyken. Det finst reseptfrie og reseptpliktige medisinar, røykesluttkurs, røyketelefon og mykje informasjonsmateriell.

Huda

Ødem hemmar blodtilførselen til huda og gjer at ho blir spent. Når huda får for lite oksygen og pasienten blir immobil, gjer dette huda svært utsett for trykk og sår. God hudpleie og trykkavlasting er viktige førebyggande tiltak for å halde huda heil. Eit kosthald rikt på protein og auka inntak av vitamina A, B og C er òg positivt for huda.

Smerte

Dersom pasienten opplever smerte og angst, vil det auke oksygenbehovet. Derfor er det viktig at vi gjer det vi kan for å redusere smerte og angst for pasienten. Smerter kan reduserast med ulike smertestillande medikament, og gjennom sjukepleietiltak som ro, å ligge og sitje godt, god personleg hygiene, dempa belysning og lite støy, roleg musikk, lett massasje, nærleik og god omsorg.

Psykiske behov

For mange pasientar kan det vere ei stor psykisk belastning å få ein kronisk hjartesjukdom. Hjartet er "motoren" som held kroppen i gang, og når denne motoren får problem, kan det føre til uro og fortviling.

Dersom pasienten får god informasjon og ein kvalitet på sjukepleia som gir velvære, reduserer det angsten og betrar livskvaliteten. Så lenge helsetilstanden er god nok til det, kan pasienten ta aktivt del i stell og i å planlegge ei livsstilsendring som kan bremse sjukdomsutviklinga. Då får pasienten samtidig halde oppe noko av sjølvbiletet sitt.

Utfordringar til deg

  1. Kva er målet med behandlinga av hjartesvikt?

  2. Kvifor bør helsefagarbeidaren observere komplikasjonar i samband med immobilitet?

  3. Korleis kan vi halde kontroll på væskemengda i kroppen?

  4. Kva er ødem, og korleis kan vi observere om pasienten har det?

Relatert innhald

Hjartet er ein muskel omtrent så stor som knyttneven din. Det sørgjer for transport av livsnødvendige stoff og er den viktigaste muskelen i kroppen vår.

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet