Hopp til innhald

Fagstoff

Kva står dei politiske partia for?

Dei politiske partia har viktige funksjonar i samfunnet vårt. Men kva står dei for, og kva skil dei?
TV-sendt partilederdebatt fra Arendal, august 2017. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei politiske ideologiane

Dei ulike politiske partia skil seg frå kvarandre ved at dei har ulike meiningar om korleis samfunnet skal vere. Mange av partia byggjer politikken sin på ideologiar. Ein er ein idé eller eit tankesett om korleis samfunnet skal styrast, og kva verdiar som er viktige. Døme på slike ideologiar er anarkisme, , , og fascisme. Sjølv om ideologiane har forandra seg mykje sidan dei oppstod, kan vi kjenne igjen visse trekk, og desse trekka er det som skaper hovudskilja mellom partia. Venstre (V) er eit sosialliberalt parti, Høgre (H) er eit konservativt parti, Sosialistisk Venstreparti (SV) er eit sosialistisk parti, og Arbeidarpartiet (AP) er eit sosialdemokratisk parti. Framstegspartiet (FrP) byggjer den økonomiske politikken sin på den økonomiske liberalismen. I tillegg har vi parti som Kristeleg Folkeparti (KrF) og Senterpartiet (SP) som set familie, kristendom, tradisjonell moral og bygdeverdiar høgt.

Storli-gårdene i Oppdal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å skilje dei ulike politiske partia frå kvarandre er ikkje alltid like lett. Ideologiane speler ikkje ei så stor rolle lenger. Men ofte snakkar vi om ein høgre–venstre-akse i norsk politikk. På høgresida finn vi dei partia som er konservative, og dei økonomisk-liberalistiske partia, og på venstresida finn vi sosialistiske parti. I midten finn vi sentrumspartia.

Høgresida har tradisjonelt lagt vekt på dette:

  • fridom til einskildindividet og vern om det eksisterande samfunnet
  • den private eigedomsretten og det private næringslivet
  • marknadsøkonomi med fri konkurranse og lite offentleg regulering

Venstresida har tradisjonelt lagt vekt på dette:

  • Staten leier styringa med økonomien i samfunnet.
  • Tilbodet av velferdsgode skal vere eit offentleg ansvar.
  • Staten regulerer næringslivet med blandingsøkonomi.

Høgresida er sett saman av partia Høgre (H) og Framstegspartiet (FrP), mens venstresida er Partiet Raudt, Sosialistisk Venstreparti (SV) og Arbeidarpartiet (AP). Som ei eiga gruppering mellom høgre- og venstresidene finn vi sentrumspartia Senterpartiet (SP), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF).

Sjå samlesida: Valstoff på NDLA

Partiprogramma

Valforskarane har funne ut at heile 68 % av veljarane synest at det er vanskeleg å sjå kva som skil dei ulike partia. Men det treng ikkje tyde at dei er så like, dei blir berre oppfatta slik.

Korleis kan vi så undersøkje kva som skil dei ulike partia?
Vi kan lese og samanlikne dei ulike partiprogramma, vi kan undersøkje korleis partia røyster i ulike politiske forum, som til dømes Stortinget, og vi kan undersøkje haldningane til partimedlemmene.

Før kvart val lagar partia valprogram som viser kva partiet vil arbeide for i fireårsperioden som kjem. I prinsipprogrammet kan vi lese kva politiske syn partiet står for. Med utgangspunkt i partia sine eigne program, skal vi her sjå litt nærmare på dette.

Regjeringen til Erna Solberg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Raudt

Partiet Raudt blei stifta 11. mars 2007. Dei tidlegare partia Raud Valallianse (RV) og Arbeidaranes kommunistparti (AKP) (begge stifta 1973) saman med partilause omdanna seg da til eit nytt parti. I september 2007 slutta også Internasjonale Sosialistar seg til partiet.

Raudt er eit sosialistisk parti og meiner at kapitalismen er hindringa for eit rettferdig og solidarisk samfunn. Målet til Raudt er eit samfunn utan utbytting og undertrykking, og reell likestilling mellom kjønna er viktig her. Dei vil avskaffe den private eigedomsretten til felles naturressursar. Partiet jobbar for å endre maktforholda i samfunnet fundamentalt. Bak dette ligg det ei klassetenking, som går ut på at dei ønskjer at det arbeidande folket tek over makta, og at det blir etablert nye folkevalorgan. Partiet er for ein dominerande offentleg sektor. Raudt er eit revolusjonært parti og hentar mykje av ideologien og politikken sin frå marxistisk teori.

Sosialistisk Venstreparti (SV)

Partiet SV blei stifta 16. mars 1975. Føreløparen til partiet er Sosialistisk Valforbund (1973) som blei danna som følgje av EF-striden 1970–1972. Eit av dei sentrale partia i dette valforbundet var Sosialistisk Folkeparti, som braut ut av Arbeidarpartiet (AP) i 1961.

Partiet er eit sosialistisk parti som ønskjer eit anna samfunn bygd på andre verdiar og behov enn kapitalismen. Dei ønskjer at kapitalismen og marknadskreftene blir erstatta av solidaritet, rettferdig fordeling, miljøomsyn og utvida økonomisk og politisk demokrati. SV er for ein sterk offentleg sektor der staten skal styre kapitalen og vareproduksjonen og fordele makt og materielle gode. Dei er reformistiske, altså at dei gjennom reformer skal nærme seg eit sosialistisk samfunn. Partiet blei danna i opposisjon til utanrikspolitikken som blei ført på den tida, ikkje minst mot NATO-medlemskap (1960-talet) og EF-medlemskap (1970-talet). SV har eit sterkt fokus på miljøvern og berekraftig utvikling.

Arbeidarpartiet (AP)

AP blei stifta 21. august 1887, og hovudsakene som då var på dagsordenen, var arbeidarvern og rettane til dei fagorganiserte. I dag er partiet eit sosialdemokratisk parti som byggjer på eit sosialt, demokratisk, humanistisk og samfunnskritisk grunnlag. Det inneber at viktige samfunnsoppgåver skal løysast i fellesskap, og målet er eit samfunn med fridom og like moglegheiter for alle. Nøkkelorda i det politiske grunnsynet er fridom, likskap og solidaritet: fridom frå fattigdom og undertrykking og til å utfalde skapande evner og moglegheiter, like rettar og pliktar for alle og like moglegheiter same kva sosial bakgrunn, kjønn, religion eller etnisk opphav ein har, og solidaritet med menneske over heile verda og med generasjonane etter oss. Gjennom solidaritet vil partiet ta vare på dei som ikkje klarer seg på eiga hand. Ein sterk offentleg sektor skal finansiere fellesgoda, og eit progressivt skattesystem skal sikre ei økonomisk omfordeling. AP meiner at den einskilde skal bestemme over eigen kvardag. Partiet er reformistisk, noko som inneber at dei bruker høva utviklinga gir, til å betre samfunnet. Ei slik haldning som inneber at dei rettar seg etter tilhøva, kallast gjerne .

Senterpartiet (SP)

Partiet blei stifta i 1920 under namnet Bondepartiet og endra namn til Senterpartiet i 1959. I partiprogrammet sitt legg partiet ingen av dei kjende ideologiane til grunn. I verdigrunnlaget sitt vil partiet byggje samfunnet nedanfrå. I det ligg det at partiet ønskjer desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital og busetnad. Dei ønskjer også større likestilling mellom ulike grupper i samfunnet, og dei er motstandarar av dei frie marknadskreftene og økonomisk liberalisering. SP sitt mål for det politiske arbeidet er å utvikle eit samfunn av frie, sjølvstendige menneske, som med tru på eigne evner tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapen og for natur og miljø. Ein viktig reiskap her er eit nærmiljø laga av og for einskildmennesket. Fridom for einskildmennesket er viktig, og alle har eit medansvar for å skape gode lokalsamfunn. SP vil ta heile Noreg i bruk slik at alle delane av landet skal ha eit næringsliv i utvikling, og at folk kan bu og arbeide der dei ønskjer. Partiet er ein garantist mot norsk EU-medlemskap.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG)

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) blei stifta i 1988 og reknar seg sjølv som eit
blokkuavhengig parti.

Partiet byggjer på ein såkalla grøn ideologi og på at
ein skal setje miljø og berekraft framom økonomisk vekst. Dei Grøne legg vekt
på tre hovudtema: livskvalitet, klimasmart samferdsle og fornybar framtid.
Desse hovudtemaa betyr at partiet arbeider for eit samfunn der folk har
meir tid til kvarandre og legg mindre vekt på forbruk, og der det skal bli enklare og
billegare å velje dei mest miljøvennlege transportmidla. Dei ønskjer òg ein
slutt på oljeproduksjonen og heller ei omstilling til berekraftig og
fornybar økonomi.

Idégrunnlaget til Dei Grøne er dei fire solidaritetane: solidaritet med naturen,
solidaritet med dei som er undertrykte og utstøytte i sitt eige land, solidaritet med folk i
andre delar av verda og solidaritet med framtidige generasjonar. Dei Grøne er ein
del av ei større grøn rørsle i Europa og i verda elles.

Partiet har ikkje ein partileiar, men blir leidd av eit sentralstyre med elleve
medlemmer, der to av dei (ein mann og ei kvinne) er nasjonale
talspersonar for styret.

Venstre (V)

Venstre er Noregs eldste parti og blei danna 28. januar 1884. Venstre er det sosialliberale partiet i norsk politikk. voks fram på 1800-talet med krav om ein aktiv stat for å skape sosial rettferd og reell fridom for alle. Fridom for den einskilde supplert med ansvar for kvarandre er kjernen i den sosiale liberalismen. Dette danna grunnlaget for innføringa av folkestyret, utbygginga av den offentlege skulen og byrjinga på velferdsstaten.

Partiet ønskjer ein aktiv stat til å motarbeide sosial urettferd i samfunnet, men samstundes vil partiet ikkje at staten og utvalde organisasjonar får for mykje makt på kostnad av einskildmennesket og mangfaldet i samfunnet. Hovudmålet for politikken er fridom for einskildmennesket. Men samstundes har alle eit ansvar for eigne val. Dei som treng hjelp frå samfunnet til å leve eit verdig liv, skal få det. , ytringsfridom, organisasjonsfridom og trusfridom er grunnleggjande liberale rettar og viktige berebjelkar ved sida av og marknadsøkonomien.

Kristeleg folkeparti (KrF)

KrF blei stifta 4. september 1933. KrF byggjer politikken sin på eit kriste verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Verdigrunnlaget til partiet er forankra i det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret og dei ti boda. Dette verdigrunnlaget blir uttrykt i Bibelen. Partiet ønskjer derfor ei restriktiv gen- og bioteknologilov, det er motstandar av lova om sjølvbestemd abort og er imot ei felles ekteskapslov.
Alle menneske er like mykje verde. Dette er eit heilt grunnleggjande syn i den kristendemokratiske ideologien. Det tyder kamp mot diskriminering og utnytting av alle slag. Den kristendemokratiske ideologien ønskjer å løfte fram velferdssamfunnet framfor velferdsstaten. Familien er den mest grunnleggjande fellesskapen i samfunnet.

Høgre (H)

Høgre blei danna i 1884 og er eit konservativt parti. Høgre sin politikk byggjer på eit konservativt samfunnssyn og liberale verdiar. Det vil seie at ein vil bevare tradisjonelle verdiar i samfunnet, og at endringar ikkje må skje for fort. Med andre ord – endre for å bevare. Konservatismen føreset ein sterk rettsstat som tek hand om rettane til einskildmennesket og mindretalet, og som sikrar grunnleggjande fridomar som religionsfridom, ytringsfridom, privat eigedomsrett og likskap for lova. For Høgre er demokrati mykje meir enn fleirtalsstyre. Den som vel annleis, skal bli møtt med openheit og toleranse frå samfunnet si side. Prinsippet om fridom under ansvar er viktig. Høgre meiner dessutan at marknadsøkonomien bidreg til innovasjon, sysselsetjing, vekst og velferd. Ein velfungerande marknadsøkonomi føreset klare reglar som hindrar misbruk av marknads- og myndigheitsmakt. Høgre ønskjer også å sikre ein sterkare og meir spreidd privat eigarskap enn i dag.

Framstegspartiet (FrP)

Partiet blei stifta under namnet "Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep" i 1973 og bytta namn til Framstegspartiet i 1977.

FrP er eit liberalistisk parti. Det vil seie at det set individet og rettane til den einskilde i sentrum, og at makta til staten må reduserast. Det offentlege skal ikkje ta på seg oppgåver som einskildpersonar, bedrifter og organisasjonar kan løyse like godt eller betre, det er berre det å sikre ein minimumslevestandard som er ei offentleg oppgåve. Hovudmålet til partiet er at skattar, avgifter og offentlege inngrep skal gå kraftig ned. Kapitalmarknaden må vere friast mogleg, slik at kapitalen kanaliserast dit han gjer størst nytte for seg. For Framstegspartiet er uttrykket: "Min fridom endar der din byrjar" ein leveregel. Dette tyder at dei ønskjer å tillate menneske å leve sine eigne liv, så lenge det ikkje går utover andre. Det offentlege forbruket må reduserast, og byråkratiet byggjast ned.

Nokre hovudskiljelinjer

Mens dei sosialistiske partia Raudt, SV og AP tek utgangspunkt i samfunnet i større eller mindre grad, så set alle dei ikkje-sosialistiske partia SP, V, KrF, H og FrP einskildmennesket på førsteplass. Sjølv om desse partia har mykje felles her, så skil FrP seg ut ved at dei legg mykje vekt på individuelle rettar, mens dei andre også strekar under at det einskilde mennesket har ansvar overfor samfunnet.

Vi finn dei same ulikskapane i haldningane til statleg styring innan økonomien. Både partiet Raudt og SV er sterkt kritiske til den kapitalistiske marknadsøkonomien. AP er tilhengjar av ein blandingsøkonomi, ein kombinasjon av marknadsøkonomi og sterk styring av marknadskreftene. Sentrumspartia SP, V og KrF går inn for offentleg styring når det gjeld omsynet til miljø og naturressursar. Men dei er skeptiske til direkte inngrep. Høgre har stor tru på marknadsøkonomien og den private eigedomsretten, men også det partiet ser behov for å styre marknadskreftene. Men dei ønskjer å redusere den offentlege eigarskapen og styrke og spreie det private. FrP er det partiet som vil kutte det offentlege sitt engasjement mest og svekkje makta til staten.

Sjå samlesida: Valstoff på NDLA

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland, Inga Berntsen Rudi og Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 27.08.2019

Læringsressursar

Det demokratiske systemet i Noreg