Hopp til innhald

Fagstoff

Kontrast

Kontrastar eller motsetnader forsterkar kvarandre og skaper spenning. Kontrastering er eit viktig verkemiddel ikkje berre i skriftlege og munnlege tekstar, men òg i biletkunst, arkitektur, klesdesign, musikk og mange andre uttrykksformer.
Raud marihøne mot grønt gras. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontrastord

Vi kan skape mange slags kontrastar i ein tekst. Til dømes kan vi stille enkeltord opp mot kvarandre. Kontrastord som natt − dag, god – vond, liv − død er absolutte: Det eine omgrepet utelukkar det andre.

Ein litt annan bruk av kontrastord finn vi i diktet "Om pengar" av Arne Garborg. Garborg stiller opp mat – mathug, dropar – helse, stas – venleik osv. som kontrastar. Men desse ordpara utgjer ikkje absolutte kontrastar på linje med liv − død. Orda er tvert imot henta frå dei same områda. Motsetnaden ligg på eit anna plan, og nøkkelen til tolkinga av teksten finn vi i dei siste verselinjene. Det er forskjellen mellom det eigentlege, kjernen, og det overflatiske, det diktaren kallar "skalet", som det skal kastast lys over.

Ein kan kjøpa seg
mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikke helse,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hyggje,
moro, men ikkje glede,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje ære,
rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting
kan ein få for pengar
Men ikkje kjernen;
den er ikkje for pengar fal.

(Garborg, 1920)

Oksymoron

Adjektiv som bittersøt og dritbra er sette saman av to kontrastord. Denne typen samansetning kallar vi oksymoron (ordet blir uttalt oksimorån). Orda drit og bra er klare kontrastar når dei står kvar for seg. Men når vi set dei saman til eit oksymoron, samarbeider orda på ein ny måte. Det første leddet i samansetninga forsterkar no det siste: Dritbra er mykje betre enn berre bra.

Forresten: Ordet oksymoron er sjølv er eit oksymoron. Det kjem frå gresk, og er sett saman av orda oxýs (som tyder skarpsindig) og morós (som tyder dum, sløv).

Motsetnader på innhaldsplanet

Også personar, handlingar, miljø og stemningar i ein tekst kan kontrasterast. Ektefellane Nora og Thorvald Helmer i dramaet Et dukkehjem av Henrik Ibsen er til dømes klare motsetnader på slutten av skodespelet. Nora er blitt vaksen og vil stå på eigne bein, medan Thorvald er svak og sårbar og seier at han ikkje kan greie seg utan henne.

Ibsen bruker òg scenebiletet for å illustrere endringane som skjer med personane. Mellom anna får juletreet ein symbolsk funksjon. I første akt kjem Nora glad og nøgd heim med eit juletre som ho skal pynte. Ho gler seg til jul og aner ingenting om den komande katastrofen.

Etter kvart blir det tydeleg for Nora at forholdet hennar til Thorvald har vore bygd på ein illusjon, og at ho ikkje kan halde fram å leve med han. Scenebiletet i tredje akt speglar situasjonen som har endra seg: Juletreet er ribba for det meste av pynt og godteri, og det har velta.

I stua hos familien Helmer. Nora i kvit festkjole, halvt liggjande på golvet. Helmer gåande, med eit brev i handa. Juletreet i rommet har velta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Garborg, A. (1920). "Um pengar" frå Lesebok for ungdomsskulen ved Lars Eskeland og Severin Eskeland, Kristiania: Olaf Norli 1920.

Relatert innhald

Oppgåver til det språklege verkemiddelet kontrast.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2018

Læringsressursar

Språklege verkemiddel