Hopp til innhald

Fagstoff

Urin til mikrobiologisk undersøking

For å finne ut kva for bakterietypar som finst i urinen, må han sendast til labratoriet for dyrking og undersøking. Dei finn også ut kva som tek knekken på dei aktuelle mikrobane best slik at pasienten får rett type medikament.
Brett med mange urinprøver, nokre utan lokk. Ei hand stikk ein strimmel i det eine opne glaset. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved mistanke om urinvegsinfeksjon vil legen ofte ordne det slik at ein urinprøve blir sendt til mikrobiologisk undersøking. Ein slik prøve kan ein helsefagarbeidar utføre.

Det er viktig at urinen ikkje blir ureina av bakteriefloraen i området rundt urinrøyrsopninga eller av hudfloraen til pasienten eller personalet.

Ved utføring av denne prøven skal det nyttast steril teknikk.

Kva vil steril teknikk seie? Tenk over og diskuter med ein medelev.

Nødvendig utstyr

  • sterilt prøveglass med skrulokk og lapp med namn på brukaren, fødselsdato, dato for prøvetakinga, og kva slags prøve det er, eventuelt namn på institusjonen/avdelinga
  • steril bolle med tupferar og pinsett
  • sterilt vatn eller sterilt saltvatn (I open omsorg blir ofte reint vatn frå springen nytta)
  • sterile tupferar
  • steril bolle til vasslatinga
  • eventuelt bekken som du kan setje den sterile bollen oppi
  • eingongshanskar
  • toalettpapir

Prosedyre

  • Dersom brukaren skal ta prøven sjølv, må vi gi informasjon om framgangsmåte.
  • Utøv god handhygiene.
  • Det bør ikkje utførast vask nedantil så sant det ikkje er synleg ureint i området rundt urinrøyrsopninga.
  • Tøm sterilt vatn eller saltvatn over tupferane i den eine sterile bollen.
  • Bruk tupferane til å vaske rundt kjønnsopninga, eitt vasketak for kvar tupfer.
  • Hos menn: Hald penis med ein steril kompress og trekk forhuda tilbake.
  • Hos kvinner: Skil kjønnsleppene frå kvarandre ved å nytte to små kompressar.
  • Den første urinen skal kastast eller gå i toalettet.
  • Nødvendig mengd urin blir overført til eit sterilt prøveglas.
  • Reingjer det sterile glaset utanpå om nødvendig.
  • Følg rutinane på arbeidsplassen for levering til laboratoriet eller sending.
  • Rydd.
  • Utøv god handhygiene.
  • Dokumenter at prøven er teken.

Utfordringar til deg

  1. Skriv ned framgangsmåten ved urinprøve til mikrobiologisk undersøking.

  2. Kvifor skal midtstråleurinen nyttast til urinpøven? Grunngi svaret.

  3. Kva typar hanskar vil du nytte ved denne prøvetakinga? Grunngi svaret.

CC BY-NC-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2021

Læringsressursar

Prosedyrar i grunnleggjande sjukepleie