Fagstoff

”Vi morer oss til døde”

Publisert: 29.10.2009, Oppdatert: 25.09.2013
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Foran TV-skjermer og PC vil vi gjerne more oss – også med nyheter

I 1985 kom ei bok i USA som skulle bli ei av dei viktigaste mediekritiske bøkene som er skrive. Medieforskaren Neil Postman ved New York University vakte stor oppsikt med skarp kritikk av fjernsynet si makt og påverknad, og mange meiner at Postman har fått rett i det han peika på den gongen: ”Vi morer oss til døde”.

Tittelen på boka var ”Amusing Ourselves to Death”, og to år seinare kom ho og på norsk, som ”Vi morer oss til døde”. Det Postman den gongen omtala som amerikansk mediekvardag  er forlengst blitt vår norske kvardag. På TV vert alt gjort om til underhaldning, og fjernsynet sin plass i samfunnet blir stadig større.

Boka til Postman er både medie- og samfunnskritikk, og ho er eit godt grunnlag for eit kritisk blikk på vårt eige samfunn og vår eigen kvardag. Korleis påverkar og former fjernsynet kvardagen og synet på verda? Er fjernsynet berre den nøytrale formidlaren vi gjerne vil at det skal være, eller er TV blitt ein eigen ideologi?

Dette er spørsmål som Postman stilte, og dei er enda meir aktuelle i dag. ikkje alle medie- og samfunnsforskarar kan rose seg av å bli meir aktuelle i sine analyser med tida!

Telegraf og fotografi

Postman meinte at det store skiftet skjer med telegrafen og fotoet. Det er den raske overføringa av tekst via telegrafi, og det å kunne sjå autentiske bilde, som legg grunnlaget for det nye mediet som endra samfunnet vårt så grundig.

TV-mediet grip inn i det meste, og det vanskelege spørsmålet er om det er innhaldet i fjernsynet som formar seg etter vår røyndom, eller om det er vi som heile tida passivt tilpassar oss TV-mediet. Mediet er ein maktfaktor. I Postman si amerikanske analyse er det først og fremst underhaldningsindustrien som er styrande, med TV-kanalar som gjer alt om til underhaldning.

Det er ikkje underhaldninga i seg sjølv som er problemet, seier Postman, men at alt stoff – ikkje minst den offentlege diskusjonen – blir framstilt som underhaldning. Nyheiter, politikk, religion, reklame – alt blir påverka og styrt av krav til å skulle underhalde. Vi har for lengst akseptert at fjernsynet har ein dominerande plass i heimen, og at andre media må kome i andre rekkje. Aviser, radio, bøker har ikkje den gjennomslagskrafta som TV har fått.

Det kan framleis være nyttig å bruke boka til Postman for å sjå nærare på den norske røyndomen, og på våre eigne medievanar og haldningar.

Vår TV-røyndom

Når politikarar meir eller mindre frivillig ”dummar seg ut” på TV og let seg bruke i underhaldningsprogram, så er det heilt i tråd med det Postman såg i analysane sine. Politikarar stiller opp i diskusjonsprogram der dei får tildelt roller av ein leiar for ”spelet”, og ”kampen” mellom motstandarane går føre seg på ein arena  der og publikum får kommentere innsatsen. Store delar av tida til politikarane går med til å takle mediepresset frå TV.

Nyheitsprogram blir laga etter klare dramaturgiske reglar, og reklamen nyttar i stadig større grad humor og underhaldning som verkemiddel. Og mykje av det som før blei formidla på journalistisk vis blir regissert og dramatisert, til dømes reise- og matprogram på TV. Dei dramatiske elementa blir gjerne kalla ”reality”, og deltakarar og publikum blir ein del av underhaldninga, som blir laga som seriar.

Fjernsynet si rolle og krava til underhaldning er tydelege i samband med aksjonar og prisutdelingar. Fredsprisutdelinga er fast knytt til ein storslått konsert, som vert sendt på TV, og innsamlingsaksjonar er utenkjelege utan underhaldningsbidraget frå fjernsynet.

Rolla til TV-skjermen

TV-skjermen er blitt både eit vindauge mot verda og ein underhaldningsflate. Dei store distributørane samlar dei mest populære underhaldnings- og nyheitskanalane i pakkar, og tilbyr desse via kabel eller satellitt, med mange sportskanalar som på sin eigen måte blandar underhaldning og nyheiter.

Distributørane har lenge ønska  – og fått – hand om distribusjon av både TV, radio, filmleige, spel og breiband. På same tid skjer ei samansmelting – konvergens – mellom TV-skjermen og det andre ”vindauget mot verda”, PC-skjermen, som og byr på underhaldning. Den store og mektige spel-industrien ønskjer å være både på TV-skjermen og PC-skjermen.

Postman skreiv om underhaldning og TV-mediet i boka si, og han var bekymra for konsekvensen for det trykte ordet og ”den offentlege samtalen”. Dersom vi og i framtida skal ha ein slik ”offentleg samtale” vil eit viktig tema der være korleis TV-mediet påverkar og endrar oss og kvardagen vår.

Det er ikkje underhaldninga i seg sjølv som er problemet, seier Postman, men at alt stoff – ikkje minst den offentlege diskusjonen – blir framstilt som underhaldning. Nyheiter, politikk, religion, reklame – alt blir påverka og styrt av krav til å skulle underhalde.