Kvalitetssikring

Dei fleste av oss synest at eit individuelt handverksprodukt er gjævare å halde i enn eit masseprodusert industriprodukt. Ofte vil denne kjensla ha noko med kvaliteten på produktet å gjere. Når vi seier at noko har god kvalitet, meiner vi at produktet har ein eller fleire eigenskapar som er akkurat slik vi ønskjer at det skal vere. Det kan for eksempel vere utsjånaden – farge, form og funksjonalitet, eller det kan gå på slitestyrke – materialval og produksjonsmetode.
Bedrifter av ein viss storleik overlèt ikkje kvalitetssikringa av produkta dei leverer på marknaden til den enkelte tilsette. Dei har eit system for kvalitetssikring. I dette systemet blir det sett det opp normer for korleis produktet ellet tenesta skal vere. Dersom sluttresultatet ikkje blir akkurat slik normene skulle tilseie, snakkar vi om eit avvik. Ein skulle tru at det då galdt å få færrast mogelege avvik. Og det er jo også til ein viss grad riktig. Men i ein organisasjon med eit velfungerande kvalitetssikringssystem gjeld det tvert om å rapportere flest mogelege avvik. Berre gjennom ein stadig forbetringsprosess kan produkta eller tenestene utvikle seg, og derfor er det viktig at ingen i organisasjonen sluttar å rapportere avvik.
Når du startar yrkesutdanninga, er det derfor like godt å venje seg til å tenkje kvalitetssikring allereie frå første skoledag. Det finst fleire kvalitetssikringssystem, men dei fleste omfattar heile produksjonsprosessen frå den første ideen blir skapt til produktet eller tenesta er i bruk. Ein grei modell å bruke er denne som skjematisk inneheld fem ulike fasar: 1. Idéutvikling, 2. Planlegging, 3. Gjennomføring, 4. Vurdering og 5. Oppfølging. Dokumentasjon skal vi seie meir om i eit eige avsnitt, men tenk kor håplaust det er å diskutere forbetring av produktet eller arbeidsprosessen dersom vi ikkje undervegs har dokumentert kva vi har gjort!
Figur
Legg merke til pilene i den øvre delen av figuren. Dei skal vise at dette ikkje må vere nokon statisk modell. Dersom vi i gjennomføringa av eit prosjekt merkar at vi i idéutvikling og planlegging ikkje har teke tilstrekkeleg omsyn til om prosjektet kan ferdigstillast på ein føremålstenleg måte, må vi ”gå tilbake til start” og korrigere ideen med utgangspunkt i dei erfaringane vi har gjort oss i gjennomføringsfasen. På same måte om vi har laga eit produkt som ingen vil ha. Då må vi gå tilbake til idéutviklingsfasen med dei nye impulsane vi har fått ved å teste produktet i marknaden.
Gjennom dette første året i Design og handverk vil du sikkert bli involvert i gjennomføringa av fleire prosjekt. Gjer det til ein vane å tenkje nøye gjennom arbeidsprosessen du eller de vel, slik at du seinare kan forklare den til andre. Prøv å vurdere det resultatet du eller de oppnådde opp mot dei idéane de hadde når de hadde når du/de starta prosessen. Dersom de klarer å dokumentere avvik i arbeidsprosessen frå idé til ferdig produkt slik at det på dette grunnlaget er mogeleg å vidareutvikle både arbeidsprosessar og produkt, har de skapt dykkar eige kvalitetssikringssystem.

