Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Dokumentasjon

Unge møbelsnekkere

Læreplanen krev at du i utdanningsløpet skal dokumentera og kvalitetssikre eigen produksjon og kompetanse på eit formålstenleg vis. Og det er kjekt at du ven deg til dette like godt først som sist. Når du seinare kjem ut i arbeidslivet, er kravet til dokumentasjon som vi har vore inne på i avsnittet Kvalitetssikring stort.

 

 

Dokumenter i hengemappert_traceDokumenter i orden,

 


Under opplæringa skal dokumentasjonen først og fremst nyttast til vurdering og karaktersetjing, til framlegging for andre elevar. Når du seinare skal ut i arbeidslivet, vil dokumentasjonen vere nyttig å vise til når du skal søkje jobb. Det er store skilnader mellom dei ulike yrkesfaga i forhold til korleis du best dokumenterer læringsprosessen. For nokre oppgåver er det sjølve resultatet som er det viktigaste å dokumentere, mens det for andre arbeidsoppgåver kan vere idéutviklingsprosessen som er det viktigaste.

Du må kunne lage enkle skisser og arbeidsteikningar, og gjerne finne bildemateriale i aktuell faglitteratur eller på nettet. Arbeidsteikningane bør du kunne bruke i samband med sjølve produksjonsprosessen. Og dersom dei ikkje er laga 1:1, må proporsjonane vere riktige i forhold til det ferdige resultatet. I mange arbeidsprosessar kan det vere aktuelt å gjere bruk av tredimensjonale skisser i form av enkle modellar. Når du skal presentere resultatet av arbeidsprosessen for andre, er det viktig at du kan vurdere og grunngi korleis arbeidsteikningane og annan relevant dokumentasjon var medverkande til å forme det endelege resultatet slik det er blitt.

Følgjande punkt bør vere med i dokumentasjonen av ei konkret arbeidsoppgåve: 1) Grunngjeving for val av arbeidsoppgåve, 2) Planane for arbeidet slik dei blei lagde med framdriftsplan, arbeids- og ansvarsfordeling, val av materialar og teknikk, arbeidsskisser og tekniske teikningar, 3) Sentrale punkt i gjennomføring av sjølve arbeidsprosessen, herunder forholdet til HMS-tiltak og vurderingar som blei gjorde undervegs i prosessen, 4) Korleis det ferdige resultatet av arbeidsprosessen ser ut i forhold til dei opprinnelege planane, gjerne med ei konkretisering av viktige avvik. Dersom de i ettertid ser at noko med hell kunne vore gjort heilt annleis, er dette viktig å få med i dokumentasjonen. 5) Og til slutt oppsummerer du kva du har lært av prosjektet, og kva du kan ha nytte og glede av i forhold til ditt framtidige yrkesval.

Når du gjer greie for resultatet av arbeidsprosessen i dokumentasjonen, må du vere nøye med å få med alle element: Form, farge, dekor, komposisjon, materiale, teknikk, funksjon, funksjonalitet, presentasjon og pris. Og kanskje endå fleire forhold som vi har utelate her.

Korleis dokumentasjonen reint teknisk skal utarbeidast og lagrast, er ikkje heilt avgjerande. Men det er mange grunner til at dette bør gjerast digitalt på ein PC. Ikkje minst fordi dette i stadig større grad blir den arbeidsreiskapen du vil nytte for å dokumentere arbeidsoppgåvene dine i yrkeslivet. Rapporten kan vere skriftleg med skisser og arbeidsteikningar, eller den kan presenterast gjennom bilde, video og lydopptak. Slik kan du også kombinere å lage tredimensjonale modellar, som kan vere gode å ha under utstillingar og andre visingar, med digital lagring.

 

Tilrå
10

Kompetansemål

Dekkjer heilt

Oppgåver

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve