Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis observere?

Når vi observerer andre menneske, får vi informasjon om korleis dei har det. Vi høyrer kva dei seier, vi ser kva dei gjer, og vi kjenner omgivnadene deira. Vi kan oppleve kjensler og ulike stemningar.
Barn og ungdom ser og holder en ballpytonslange. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forteljinga

Ein situasjon kan tolkast på mange forskjellige måtar. Det er viktig å skilje mellom det vi faktisk ser, og det vi trur vi ser. Det er lett å tolke det vi observerer, som vårt eige, og tru at andre kjenner og tenkjer det same som oss.
Dei aller fleste har opplevd at når dei fortel om noko dei har opplevd eller sett, blir forteljinga heilt forkjellig frå forteljinga til ein annan som har opplevd eller sett det same. Det kjem av at vi har tolka det vi har opplevd, på ulike måtar.

Eksempel: Når vi ser eller høyrer ei lita jente som græt, kan vi oppfatte det på fleire måtar.

– Vi kan tru at ho har ramla og slått seg og fått skrubbsår på knea.
– Vi kan tru at ho er lei seg fordi ho ikkje får lov til å leike med dei andre.
– Vi kan tru at ho er sint fordi nokon har teke leika ho leika med.

Det kan vere fleire grunnar til at jenta græt. Kan du nemne nokre?

Når vi observerer andre, skjer det samtidig noko med oss sjølve. Vi møter ulike situasjonar som gjer at vi reagerer forskjellig. Vi må heile tida innrette oss etter omgivnadene våre og andre menneske. Vi skal kommunisere med ulike menneske, og må ta omsyn til behova og utviklingsnivået deira. Det vil seie at vi må vere medvitne om korleis vi ter oss på når vi er i lag med andre.

Vi skil mellom systematiske og usystematiske observasjonar.
Dei observasjonane du gjer kvar dag – utan at dei er planlagde eller har noko fast mønster eller bestemt framgangsmåte – kallar vi usystematiske observasjonar.

Dei observasjonane som må planleggjast, og som krev at du er svært nøyaktig, kallar vi systematiske observasjonar.
Observasjonane blir då ofte gjorde etter ein mal – i eit skjema. Dei systematiske observasjonane er nedskrivne og kan dokumenterast og forklarast.

Gangen i ein observasjon kan du lese meir om her:

Observasjonsgangen
  • Start: De avgjer at de skal observere.
  • Føreundersøkingar: Fleire følgjer med på barnet og diskuterer med kvarandre.
  • Planlegging: De avgjer kvifor skal de skal observere, kva de skal observere, kva for metode de skal bruke, kor lenge de skal observere, og så vidare.
  • Gjennomføring: De observerer som planlagt.
  • Omarbeiding: Så fort som mogleg etter at de har observert, bør ein eller fleire tolke og omarbeide informasjonen de har fått inn.
  • Tiltak: Å setje i verk tiltak, for eksempel motorisk stimulering, er ikkje ein del av observasjonen. Det er det de kjem fram til må gjerast, etter å ha arbeidd dykk gjennom den informasjonen som er samla inn.

Det er eit teikn på profesjonalitet at vi som barne- og ungdomsarbeidarar har evna til å sjå og møte andre menneske. Vi må vere medvitne om kva vi observerer, og kva vi legg vekt på.

Eksempel på ein observasjon

Når du skal bli kjent på ein ny arbeidsplass, kan du få mykje kunnskap gjennom å observere under måltidet. Måltidet er ein godt eigna situasjon til å observere den sosiale, språklege og finmotoriske utviklinga til barnet.

Under finn du nokre område du kan sjå etter når du observerer. I dei fleste tilfella er det fornuftig å ikkje sjå etter alt, men å velje ut nokre punkt du ser etter.

Førebuing til måltid

  • Kven førebur måltidet?
  • Kva førebur dei vaksne?
  • Har dei barn saman med seg?
  • Kva dekkjer dei bordet med?
  • Kva utstyr er framme?

Under måltidet

  • Kven startar måltidet?
  • Kva gjer den som startar måltidet?
  • Kven set dei vaksne seg saman med? Er det dei minste barna, dei barna som er mest urolege, eller dei stille, forsiktige barna?
  • Kva gjer barna sjølve? Kva meistrar dei?
  • Finmotorikk?
  • Kva grenser eller reglar er det under måltidet?
  • Er det nokon av barna som ikkje et? Er det nokon som sølar mykje? Kva skjer i så tilfelle?
  • Er det nokon som ikkje er med i samtalen under måltidet? Er det nokon som er meir aktive i samtalen?
  • Er det nokon som ikkje klarer å sitje roleg under måltidet?

Korleis avsluttar dei måltidet?

  • Må alle sitje rolege til alle er ferdige?
  • Kven tek av bordet?
  • Er barna med på å ta av bordet? I tilfelle – kva gjer dei?
  • Kva gjer dei med oppvasken?

Når du skal observere, må du

  • avgjere om observasjonen skal vere systematisk eller usystematisk
  • skilje mellom det som faktisk skjer, og di eiga tolking
  • vise respekt for dei som blir observerte
  • vere medviten om di eiga rolle i observasjonen

Utfordringar til deg

  1. Forklar kva systematisk og usystematisk observasjon er.
  2. Ein klasse jobbar med eit gruppeprosjekt. Ein gut stormar ut av klasserommet. Diskuter kva grunnen til det kan vere. Kan det vere fleire årsaker?
  3. Korleis kan du opptre som profesjonell yrkesutøvar når du observerer?
  4. Tenk deg at du er observatør på teikninga til høgre. Kva observerer du, og korleis tolkar du det du observerer?
  5. Forklar observasjonsgangen.

Relatert innhald

Som helsefagarbeidar er du saman med brukaren i mange forskjellige situasjonar gjennom ein dag.

Med gode og førebyggjande opplegg i barnehagen, skulen og skulefritidsordninga er sjansane store for at barnegruppene vil fungere godt, men ikkje alltid.

CC BY-NC-SASkrive av Randi Kvernmo, Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Kjell Arne Standal.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2018

Læringsressursar

Observasjon