Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidsteikning

Arbeidsteikningar er eit nødvendig utgangspunkt når noko skal produserast. Dei skal bokstavleg talt gi eit klart bilde av det som skal lagast, med mål og i målestokk.
Arbeidsteikningar av industrielle detaljar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi startar gjerne med lause skisser som vi utviklar vidare til klare og nøyaktige arbeidsteikningar som viser gjenstanden sett framanfrå, frå sida og ovanfrå. Ved å utvikle arbeidsteikningane skritt for skritt får du etter kvart fram den forma du vil at gjenstanden skal ha. Til slutt sit du med ei nøyaktig målsett teikning av produktet.

Arbeidsteikningar med mål kan ein bruke til å rekne bruken av materiale til eigne produkt, og dei kan vere til hjelp når ein skal visualisere eigne idéar ovanfor kundar eller andre medarbeidare.

Målestokk

Arbeidsteikning med linjal, passar og penn. Foto.

Målestokk er det vi kallar forholdet mellom teikninga og gjenstanden som skal produserast. Å teikne i målestokk 1:2 vil seie at 1 cm på teikninga tilsvarer 2 cm i røynda. Namnet viser eigentleg til ein stokk med ein skala for måling av lengd.

Når vi lagar ei arbeidsteikning, gjeld det å velje ein målestokk som det er praktisk å arbeide med. Små gjenstandar kan teiknast i full storleik eller også forstørrast på arbeidsteikninga. Men for større gjenstandar vil det vere upraktisk eller direkte umogeleg å lage arbeidsteikningar i full storleik. Då gjeld det å velje ein høveleg målestokk, og han bør vere oppgitt i heile tal som er lette å dele.

Digitale arbeidsteikningar

Designar jobbar i eit teikneprogram. Foto.

Det finst i dag ei rekkje dataprogram som kan brukast til å lage digitale arbeidsteikningar. Du vil kunne lage ei teikning og rotere den på skjermen slik at du ser gjenstanden frå alle kantar. Det betyr at du har ei teikning der du kan velje å sjå gjenstanden rett framanfrå (oppriss), ovanfrå (grunnriss) eller frå sida (sideriss).

Rosa stol plassert inn i eit teikna rom. Foto

Du vil og kunne kombinere eigne teikningar med 3D modellar. Det er nesten ingen grenser for kva du kan gjere digitalt.

CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Teikning