Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Regnskog og indianarar

Publisert: 26.08.2010 (22:32) , Oppdatert: 12.10.2011 (14:48)
Tropeskog

Regnskogen er på mange vis livgivande og bind svært mykje karbondioksid. Samtidig kjem 20 prosent av dei menneskeskapte klimagassane frå øydelegging av regnskogen.
Mellom 50 og 80 prosent av alle artane på jorda finst der, men om lag 137 dyreartar blir utrydda kvart døgn, og eit areal som svarer til ein fotballbane forsvinn kvart andre sekund.
Indianarar har levd i pakt med naturen her i uminnelege tider, men no blir regnskogen trua av utrydding på grunn av økonomiske interesser.

Skjermdump fra Google maps.Sør-Amerika, Amazonas. Høgreklikk biletet, opne i ny fane.
Opphavsmann: Google maps
    

Frodig regnskog med elv.Regnskog i Brasil.
Opphavsmann: Vzb83

Kvart år forsvinn tropisk skog som svarer til nesten halve arealet av Noreg, eller som ein fotballbane, kvart andre sekund.

Video om kvegdrift og utrydding av regnskog.
Kjelde: Greenpeace


Sjå òg:

Et tre med mange hundre klatreplanter på.Epifyttar veks på tre for å komme opp i lyset, eller dei snyltar for å få næring.
Opphavsmann: Kristin Bøhle

 

Olje i jord og på planter i PeruPilgift blir laga for bruk på jakt.
Opphavsmann: Regnskogfondet, Lars Løvold

Indianere med er stort fruktfat mellom seg.Palmefrukter gir næringsrik mat.
Opphavsmann: Regnskogfondet, Lars Løvold

En gruppe kvinner  banker gift ut av palmeblader.Samarbeid for å vinne ut palmegift som skal brukast til fiske.
Opphavsmann: Regnskogfondet, Lars Løvold

Regnskogen i Amazonas

Regnskogen i Amazonas er på 6,8 millionar km² (meir enn 20 gonger arealet av Noreg) og utgjer meir enn halvparten av dei regnskogområda som er att i verda. Skogen dekkjer område i ni land i Sør-Amerika (Brasil, Colombia, Peru, Venezuela, Ecuador, Bolivia, Guyana, Surinam og Fransk Guyana). 1
Miljølovgivinga varierer frå land til land, men miljøproblema og leveområda til urfolka går over landegrensene. Alle dei ni landa, og selskap frå andre land, har økonomiske interesser i å utnytte ressursane i regnskogen.

Kjelde: Regnskogfondet, YouTube.

Artsmangfald og jordsmonn

Amazonas er det største elvesystemet i verda, som med tusenvis av bielvar dannar eit nettverk av vatn med eit imponerande liv. les meir
Grønn firfisle står på grunt vann.Krypdyr i regnskogen.
Opphavsmann: Kristin Bøhle

I desse elvane finst fleire ulike fiskeslag enn i heile Atlanterhavet til saman. Mange av dei registrerte artane av plantar og dyr i regnskogen har kjent medisinsk effekt. Kanskje artane som kan gi dei mest effektive medisinane mot AIDS, malaria og kreft, står i fare for å bli utrydda før dei vert oppdaga? Amazonasbassenget er dominert av tropisk regnskog.

Palmeliknande bregner.Bregner, høge som tre i Cubansk regnskog.
Opphavsmann: Kristin Bøhle

Det varme og fuktige klimaet gir grunnlag for ein svært variert vegetasjon. Regnskogen er eit gamalt økosystem som har utvikla seg utan avbrot gjennom 15 millionar år. Det har gitt tid til utvikling av tilpassingar til mange nisjar. Næringsstoff er i raskt omløp og bunde i vegetasjonen. Næringa ligg ikkje på lager i eit jordsmonn som i Noreg, men blir vaska ut etter brann og blottlegging av jord.
Til samanlikning har vegetasjonen i Noreg vokse fram etter siste istid, ein periode på berre 10 000 år. skjul

 

Avskoging – press frå mange hald

Store maskiner fjerner regnskogen.Tømmerhogst er ei av dei viktigaste årsakene til at regnskogane forsvinn.
Opphavsmann: Regnskogfondet

Kvart år forsvinn rundt 130 000 kvadratkilometer tropisk skog. Dette er nesten det halve av arealet av Noreg, ein fotballbane kvart andre sekund. 2
Når regnskog brenn, forsvinn det meste av næringa. Oskelaget som ligg att, gir ikkje brukbar dyrkingsjord i meir enn 3–5 år. Indianarane ryddar berre eit lite område om gongen og flytter rundt. Slike område kan regnskogen ta over att, men når store landområde brenn, vil arealet vere tapt som regnskog for alltid. For eksempel øydela McDonalds regnskog for å dyrke kyllingfôr. 3

Miljø- og helseproblem

Olje i jord og på planter i PeruOljesøl i regnskogen.
Opphavsmann: Regnskogfondet

Regnskogen blir brend og hoggen til fordel for beitemark, soyaplantasjar, jordbruk, gruvedrift, oljeutvinning, vegar og tømmerdrift. Både statar og private selskap ønskjer å tene pengar på ressursane. Som oftast går utbygginga ut over urfolk og verneinteresser.

Elvane blir forureina av oljeproduksjon, sprøytemiddel og ulovleg gullgraving. Dette fører til at det kvar dag forsvinn eit stort tal plante- og dyreartar. Mange av desse er framleis ikkje vitskapleg registrerte. Tilhøva for om lag 400 urfolksgrupper blir stadig vanskelegare. 4

Indianarar vernar skogen

Meir enn 60 millionar urfolk er avhengige av regnskog for å overleve. Det er regnskogen sine folk som har størst interesse av å ta vare på han og størst kunnskap om korleis han kan forvaltast. Likevel manglar dei ofte dei formelle rettane til landområde som dei har levd på i generasjonar. les meir
Familehus bygd i ring.Shabono, felleshus for yanomami-folket
Opphavsmann: Regnskogfondet, Lars Løvold

I Amazonas ser det ut til at indianske territorium gir det beste vernet mot rasering av regnskog. Når skogfolk kjenner rettane sine, har dei mykje betre høve til å leve i og forvalte skogen, slik dei alltid har gjort. Amazonas er heim for om lag 1,6 millionar indianarar, og ein femdel av Amazonas er indiansk territorium. Innanfor desse områda er avskoginga mindre enn i alle andre verneområde, inkludert nasjonalparkar, der dei oftast ikkje får drive med jakt og fiske. Dette viser at skogfolk er dei som best tek vare på regnskogen.5 skjul

 

Fattigdom truar regnskogen

Omfattande fattigdom i Amazonas-landa gjer at fattige og landlause bønder følgjer på når nye område blir opna med vegbygging. les meir

Små skogsområde blir hogne og brende for å få dyrkingsjord. Når jorda etter få år er utpint, flytter dei vidare. Truleg er småbønder i Amazonas årsak til rundt 20 prosent av avskoginga.6 skjul

 

Samarbeid for utdanning, inntekter og lovgiving

Bilde av yomamiindianer foran en tavle.Utdanning av egne Yanomamilærarar.
Opphavsmann: Regnskogfondet

I eit prosjekt i Brasil som starta i 1989, samarbeider Regnskogfondet no med over 50 partnarar i Brasil, Peru, Bolivia, Ecuador og Venezuela. Dei arbeider for å opprette og verne fleire indianarterritorium, verne ukontakta indianargrupper og hindre oljeutvinning, hogst og vegbygging. Fleire prosjekt arbeider for lokalt tilpassa utdanning og for å utvikle gode, lokalbaserte produkt, som eksotiske oljer, frø og handarbeid. 20 år for regnskogen.

Tilrå
17

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve