Hopp til innhald

Fagstoff

Barn og teikning – film

Her finn du barne-tv-programmet «Barnas Supershow» frå NRK. Under filmen finn du oppgåver knytte til programmet.

Oppgåver

  1. Tenk over scena i filmen der jenta sit i telefonen mens ho skriblar med blyanten.
    a) Kva fortel dette om kunnskapane faren har om teikneutviklinga til barn?
    b) Kor godt synest du faren lyttar til barnet?
    c) Skal vi alltid skryte av det barn teiknar?
  2. Ta utgangspunkt i situasjonen på arkitektkontoret.
    a) Kvifor seier vi at barn må bruke fargar?
    b) Nokre barn og ungdommar opplever at dei ikkje får gode tilbakemeldingar på teikningar i svart-kvitt. Kva trur du er årsaka til det?
    c) Vaksne fortel av og til barna kva dei skal teikne – slik som her. Kvifor det, trur du?
    d) Dersom føremålet er å få barn til å teikne meir, finst det då andre måtar å gjere det på?
    e) Kvifor er vi så opptekne av at barn skal bruke heile arket? Er det eigentleg viktig?
    f) Hender det at vi hengjer opp ting barn og unge ikkje er fornøgde med? Kva er fordelane og ulempene med det?
CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2018

Læringsressursar

Teikning og teikneutvikling