Hopp til innhald

Fagstoff

Teikneanalyse – gryande realisme

Mari på ni år har skildra seg sjølv som attenåring i denne kombinerte akvarell- og pastellteikninga.
Maleri av sovende kvinne. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Meir realistiske former

Det generaliserte uttrykket frå skjemaalderen er ikkje lenger tilstrekkeleg for å gjengi menneska og omverda. Det stadig veksande medvitet hennar om korleis alt ser ut, visest tydeleg. Difor blir det mindre overdrivingar og meir realistiske former. Likeins blir kjønnsforskjellane tydeleg markerte på dette alderstrinnet. Det ser vi godt i den ovale ansiktsforma og i dei mjuke, bøygde linjene. Vi ser at kunnskapen om overlapping no kjem tydeleg fram ved at hovudputa blir dekt av ansiktet og kroppen av teppet. Enno blir ikkje lys og skugge brukt for å framheve former og rom, men mørke linjer blir brukte for å lage ein verknad av hår, i motsetning til den glattare overflata til huda. Dei realistiske fargane har no fått nyansar og valørar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Knut Høihjelle.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2019

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium