Hopp til innhald

Fagstoff

Teikneanalyse – skjemastadiet

Her har Terje på sju år skildra ei spennande sportshending på fjernsyn.
Barnetegning av skiløpere. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skjemateikningar med variasjonar

Bjørn Dæhlie har gått i mål som vinnar, og Vegard Ulvang og Sture Sivertsen kjempar om sølv og bronse. Skiløparane blir ikkje stereotype gjentakingar utan forandringar, men skjemateikningar med variasjonar. Det er tydeleg at Terje har vore oppteken av dei norske landslagsdraktene, som blir skildra nøyaktig med striper og trekantformer. Bein og armar har enno ikkje fått ledd, men det blir skapt eit slags rom ved at skiene blir skråstilte under skøytinga. Terje har vore svært oppteken av detaljar som skibriller, sko og bindingar. Sidan oppfatninga av geometriske former er lettare enn vanskelege organiske former, er kroppane skildra med rette, enkle linjeføringar. Typisk for alderen er at fargebruken har blitt meir realistisk.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Knut Høihjelle.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2019

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium