Hopp til innhald

Fagstoff

HMS-arbeid i barnehagen og skulen

Helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet i barnehagar og skular tek, i tillegg til internkontrollforskrifta, også utgangspunkt i forskrifta som heiter ”Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler". Denne kan ein tenkje på som arbeidsmiljøloven for elevar og barnehagebarn.
Barn sykler og har hjelm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikta med forskrifta er å bidra til at miljøet i blant anna barnehagar og skular stimulerer til helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold. I tillegg er formålet å førebyggje sjukdom og skade. Også denne forskrifta pålegg eigaren av barnehagen eller skulen å ha eit internkontrollsystem.

Denne forskrifta blir brukt som utgangspunkt for å utarbeide rutinar i barnehagen/skulen som spesifikt skal sikre barna.

”Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler” omfattar mange emne. I forskrifta kapittel 3, ”Spesielle bestemmelser”, utgjer desse emna § 9-24:

  • utforming og innreiing
  • mogelegheit for aktivitet og kvile
  • måltid
  • psykososiale forhold
  • reingjering og vedlikehald
  • sikkerheit og helsemessig beredskap
  • førstehjelp
  • tilrettelegging basert på opplysningar om helseforhold
  • smittevern
  • røyking
  • inneklima/luftkvalitet
  • belysning
  • lydforhold
  • drikkevatn
  • sanitære forhold
  • avfallshandtering

"Veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler"

Eksempel på ulike rutinar som er utarbeidde på bakgrunn av desse, gjeld for

  • barn som blir mobba
  • barn som får nedsett allmenntilstand
  • medisinering av barn
  • barn som ikkje blir henta før stengetid
  • barn som skal ut på tur
  • skadar og ulykker med barn
  • rutinar for handtering av mat i barnehagen
  • handtering av smittsame sjukdommar
CC BY-NC-SASkrive av Private Barnehagers Landsforbund og Kristin Sleteng Bakken.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2018

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) for arbeidstakaren