Globalisering og språkpolitikk
GlobaliseringOpphavsmann: Terranova Media
Kanskje du har ein globus på rommet ditt? Ein globus viser kloden vår slik vi kan tenkje oss at han ser ut frå verdsrommet. I vår tid er det mange som seier at verda er blitt mindre. Via Internett eller mobiltelefon kan vi sjå bilete frå noko som hender i Indonesia berre nokre sekund etter at det har skjedd. I løpet av eit døgn kan du reise frå eitt verdshjørne til eit anna. Over heile verda høyrer ungdom på den same musikken og ser på dei same tv-seriane. Moderne handelsverksemd kjenner ingen landegrenser. Det er vanleg å bruke omgrepet globalisering om denne utviklinga.
Globaliseringa fører til at grensene mellom ulike språk og kulturar delvis blir viska ut, og at det oppstår nye språk- og kulturformer som tek opp i seg element frå fleire folkegrupper. Dette skal du lære meir om i dette kapitlet.
MiniXperten er utvikla i samarbeid mellom NDLA og DialektXperten. Fagstoff og oppgåver i MiniXperten blir opna i eit nytt vindauge når du klikkar på lenkjene. Du må lukke dette vindauget for å komme tilbake til NDLA-sidene.
