Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser og lag eigne samansette tekstar

Oppgåve 1

  1. Kva er ein samansett tekst?
  2. Gi nokre eksempel på samansette tekstar, og forklar kva for uttrykksmåtar som er kombinerte i desse tekstane.
  3. Kvifor bruker vi samansette tekster i så stor grad?
  4. Kva kan biletet formidle som skrifta ikkje kan – og omvendt?
  5. Kva for uttrykksmåtar appellerer mest direkte til kjenslene våre?

Oppgåve 2

Nedanfor ser du ein samansett tekst som du kanskje kjenner igjen frå store plakatar langs vegen. Plakaten består av eit stort fotografi og ein skriftleg bodskap. Studér dei to uttrykks-formene denne plakaten er sett saman av.

Traffikert vei med skilt som oppfordrer billister til å huske bilbelte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er formålet med denne plakaten?
  2. Kva blir uttrykt ved hjelp av fotografiet?
  3. Kva blir uttrykt gjennom den skriftlege teksten?
  4. Kvifor trur du fotografiet har fått så stor plass?
  5. Eitt bestemt element i biletet får ei metaforisk tilleggs-tyding på grunn av bodskapen. Har du oppdaga kva det er? (Tips: kroppsdel)
  6. Kan du tenkje deg nokon andre formål dette biletet kunne vore brukt til? Kva slags uttrykksmåtar ville du i så fall ha kombinert det med? Gi eksempel.

Oppgåve 3

a) Klipp ut bilete og overskrifter frå aviser og ukeblad, eller kopier bilete og overskrifter frå nettaviser. Lag nye overskrifter til bileta som endrar måten dei kan oppfattast på.

b) Lag ei framføring for klassen ved hjelp av eit presentasjonsverktøy, der du viser dei samansette tekstane du tok utgangspunkt i, og dei nye samansette tekstane du har laga. Gjer greie for korleis dei nye overskriftene er med på å gi bileta ny tyding.

Oppgåve 4

Lag ei digital forteljing ved hjelp av eit videoredigeringsverktøy eller eit presentasjonsverktøy, med utgangspunkt i bilete du finn på nettsida til den prisbelønte pressefotografen Harald Henden.

Den digitale forteljinga skal bestå av ei tittelside, stillbilete og lyd (musikk, bakgrunnslyd eller effektlyd). Tenk nøye gjennom korleis du skaper samspel mellom dei ulike uttrykksmåtane i forteljinga.

Presentér forteljnga for klassen. Husk å oppgi kjeldene du har brukt (namnet på fotografen og nettsida du har henta bileta frå).

Relatert innhald

Kva er ein samansett tekst, og kvifor lagar vi samansette tekstar? Forsker Anne Løvland har skrive ein introduksjonstekst for NDLA om emnet.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og kommunikasjonsmodellar