Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er etikk?

Vi gjer ei rekkje val kvar dag. Enkelte av vala er viktige for fleire enn oss sjølve. Som fagarbeidar i helse- oppvekstsektoren vil du oppleve at vala får både ønskte og uønskte konsekvensar for brukarane. Det er ikkje alltid lett å vite kva som er rett, og kva som er gale.
Kvit pil på asfalt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etikk handlar om korleis vi menneske er mot kvarandre. Meiningane om kva som er rett og gale, kan vere ulike frå person til person. Det varierer innan den same kulturen og mellom ulike kulturar. Det kjem an på kva normer, verdiar, haldningar og livssyn ein har.

  • Om du bryt dei etiske reglane i kvardagen, blir du kanskje straffa med stygge blikk og utestenging.
  • Om du bryt yrkesetiske reglar, kan du bli påtalt av dei overordna.
  • Om du bryt lova, kan du miste autorisasjonen din, og du kan bli straffa med bøter og fengsel.

Etikk og moral

Etikk er læra, eller teorien, om kva som er rett og gale. Iblant er det vanskeleg å vite kva som er rett å gjere. Viss du må velje éi løysing ut frå fleire moglege, kan etikken vere til hjelp. Han kan grunngi kvifor du bør gjere det eine eller det andre.

Moral handlar om korleis du oppfører deg, det vil seie kva du faktisk gjer. Å handle moralsk betyr å oppføre seg etter dei normene og reglane som gjeld i den gruppa du høyrer til. Gruppa kan vere familien, ein vennegjeng eller kollegaer. Umoralsk framferd fører gjerne til negative reaksjonar hos andre.

Kvardagsetikk og yrkestikk

Valsituasjonar finn vi både privat, på skulen og på jobben. Vi skil derfor mellom kvardagsetikk og yrkesetikk. Kvardagsetikk handlar om dei vala du gjer som privatperson, for eksempel korleis du oppfører deg overfor foreldra dine. Lyg du, eller er du til å stole på?

Yrkesetikk handlar om dei vala du gjer som yrkesutøvar og fagperson. Desse vala angår brukarar og kollegaer. Viser du respekt? Er du ansvarleg, eller prøver du å lure deg unna? Yrkesetikken er meir omfattande enn kvardagsetikken fordi fleire menneske er innblanda, og da må det vere fleire reglar.

Lovverk

Juss er eit eige fagområde som skil rett og gale. Juss handlar om lover som Stortinget vedtek. Lova om pasientrettar er eit eksempel. Ho er vedteken for å sikre rettane til pasientane når dei treng hjelp frå helsevesenet. Helsepersonell pliktar å følgje denne lova. Når det finst ei lov, skal ein alltid følgje henne.

Utfordringar til deg

  1. Kva for etiske reglar gjeld i klassen? Lag ei liste med fem reglar.
  2. Diskuter handlingar de gjer kvar dag. Dette kan vere ting de gjer mot kvarandre, eller ting de seier til kvarandre. Meiner du desse handlingane er moralske eller umoralske?
  3. Finn eksempel på

    • at det kan vere moralsk rett å bryte lova
    • allmennmoral
    • personleg moral
CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Tove Bostad.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Etikk i arbeidet