Hopp til innhald

Fagstoff

Fylkeskommunale helseoppgåver

Fylkeskommunen skal tilby tannhelseteneste og hjelpemiddelsentral. I tillegg har helsetilsynet i fylka ansvar for å føre tilsyn med alle helsetenester og helsepersonell i fylket. Dette ansvaret har Statsforvaltaren, og arbeidet blir leidd av fylkeslegen.
Tannlege behandlar pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tannhelsetenesta

Tannhelsetenesta i Noreg består av ein offentleg sektor som først og fremst behandlar prioriterte grupper i befolkninga etter lov om tannhelsetenesta, og ein privat sektor. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for det offentlege tannhelsetilbodet.

Det første møtet mange har med norsk tannhelseteneste, er tannhelsekontroll på tannlegekontoret som barn. Innkallinga til kontroll er eit viktig førebyggande tiltak som skal framme god tannhelse i befolkninga. Ifølge lova skal desse prioriterte gruppene få regelmessig og oppsøkande tilbod om behandling i offentleg tannhelseteneste:

  • barn og ungdom frå 0 til 18 år
  • personar med psykisk utviklingshemming
  • eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og under heimesjukepleie
  • ungdom som fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret
  • andre grupper som fylkeskommunen har vedteke å prioritere

Alle gruppene, med unntak av 19- og 20-åringar, får gratis tannlegebehandling. Gruppene er lista opp i prioritert rekkefølge. Det betyr at denne prioriteringa skal følgast dersom det ikkje er nok ressursar til å behandle alle grupper.

Den offentlege tannhelsetenesta tilbyr òg undersøking og behandling til vaksne betalande pasientar viss det er ledig kapasitet. I Noreg blir 80 prosent av tannhelsetenestene utførte på private tannlegekontor.

Hjelpemiddelsentralen

Det er fylka som har ansvaret for hjelpemiddelsentralane, som òg blir organiserte i Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV). Dei har eit overordna ansvar for formidling av hjelpemiddel til personar med funksjonsnedsetjingar innan eige fylke. Sentralane skal òg gi råd og rettleiing til helsetenesta i kommunen og fylkeskommunen.

Kompetanseområda til hjelpemiddelsentralen:

  • funksjonshemmingar og konsekvensane av dei

  • moglege løysingar

  • produkt som finst på marknaden

  • tilpassingsmoglegheiter

  • moglegheiter for reparasjon, vedlikehald og gjenbruk

  • tilrettelegging av det miljøet som hjelpemiddelet skal brukast i, både i heimen, på skulen, i arbeid og fritid

Alle kommunar har inngått samarbeidsavtale med NAV Hjelpemiddelsentral i fylket. På hjelpemiddelsentralen arbeider rådgivarar innanfor ulike hjelpemiddelområde som syn, høyrsel og rørsle saman med lagerarbeidarar og ulike teknikarar.

Rullestolbrukar som køyrer på rullestolrampe ved huset sitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Statsforvaltaren

Statsforvaltaren i kvart fylke skal på vegner av Statens helsetilsyn føre tilsyn og behandle saker der det er spørsmål om svikt i helsetenestene. Dei skal òg behandle klagesaker knytte til rett til helsetenester og overprøve vedtak om bruk av tvang. Statsforvaltarane har i tillegg oppgåver innan barnevern og smittevern, og dei skal formidle erfaringane sine frå tilsyn på vegner av Helsetilsynet.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig med gratis tannhelseteneste til barn og unge under 18 år?

  2. Kva er eigendelen for tannlegebesøk for bebuarar på sjukeheimar?

  3. Kvar er næraste hjelpemiddelsentral frå der du bur?

  4. Kva oppgåver har Statsforvaltaren på vegner av Statens helsetilsyn?

Kjelde

Helsetilsynet. (2022, 3. januar). Oppgåver og organisering – statsforvaltaren. https://www.helsetilsynet.no/om-oss/oppgaver-organisering-statsforvaltaren/

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Vigdis Haugan. Rettshavar: Norsk Helseinformatikk
Sist fagleg oppdatert 02.02.2023

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene