Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er mobbing?

Felles for definisjonane på mobbing er at det er ei negativ handling frå éin eller fleire, retta mot ein annan. Denne negative handlinga blir gjenteken, går føre seg over tid, og kan på denne måten bli ei systematisk krenking.
Bildet viser ei jente som står for seg selv og er trist. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskning

Dei siste åra har det gradvis vakse fram ei nokså samstemd forståing av kva mobbing er, og korleis mobbing bør definerast. I Norden har det sidan 1980-åra blitt forska mykje på mobbing og korleis mobbing skjer. Dei mest brukte forskarane og kompetansesentra vi nyttar oss av her i Noreg, er Zero, program mot mobbing, laga av Erling Roland ved Senter for åtferdsforsking i Stavanger, og Dan Olweus sitt kjerneprogram mot mobbing, laga av Olweus-gruppa i Bergen. Begge programma er kjende i skulen.

Omgrepet mobbing

Eit viktig element i definisjonane av omgrepet mobbing er at det er ubalanse i styrkeforholdet mellom partane. Det vil seie at det er ein fysisk eller psykisk ubalanse slik at offeret ikkje er i stand til å forsvare seg fysisk eller sosialt i situasjonen. Dette siste, og nokre gonger avgjerande punktet, er med på å skilje situasjonar frå å vere ein konflikt, krangel eller liknande til å bli mobbing.

Felles for definisjonane av mobbing er at dei skildrar handlingar som er negative, uvennlege og aggressive. Ei aggressiv handling har til hensikt å skade eller såre ein annan, og mobbing blir skildra som ei handling som har ein slik intensjon, og at krenkingane er gjentakande og systematiske.

Mobbing kan ta ulike former alt etter kva for nokre verkemiddel mobbarane bruker. Det kan vere

  • fysisk mobbing – som til dømes å slå, sparke, lugge, spytte, dytte, øydeleggje tinga til den som blir mobba, og så vidare
  • verbal mobbing – som til dømes å seie stygge, nedlatande ting om offeret, true, spreie usanne rykte, bruke krenkjande og grove ord og så vidare

Forskarar har funne ut at den verbale forma for mobbing er den mest brukte i alle aldersgrupper og blant begge kjønn. Det kan sjå ut til at motiva for mobbinga blant gutar og jenter kan vere ulike. Gutane blir i større grad stimulerte av maktkjensla dei kan få ved å skape avmakt, medan jenter i større grad blir stimulerte av den kjensla ein får av å høyre til, og intimiteten som oppstår i gruppa ved mobbinga.

Relasjonell mobbing

Ein finsk forskar, Christina Salmivalli, har forska mykje på mobbing blant jenter. Jenter bruker ofte ei form for mobbing som forskarane kallar relasjonell mobbing. Denne forma for mobbing kan ofte vere usynleg og bere preg av utestenging, ryktespreiing og manipulering. Jentemobbarane er ofte ressurssterke og populære jenter som er flinke på skulen og godt likte av lærarane. Dei vaksne anar lite om at desse jentene er mobbarar, og dei som blir utsette for mobbinga, blir sjeldan trudde. Denne forma for mobbing fører til at dei som blir mobba, blir mindre tillitsfulle og meir einsame og mistenksame til andre. Dei får ei kjensle av at det er dei sjølve det er noko gale med, og at alle andre er vellykka. Dette fører til at det kjennest veldig vanskeleg å seie ifrå til nokon om denne mobbinga.

Nettmobbing

Dei siste åra har det komme nye former og kanalar for mobbing. Mobiltelefonar og Internett har blitt meir vanleg og kan brukast for å mobbe og hengje ut andre. Denne forma for mobbing er annleis fordi mobbaren og den som blir utsett for mobbinga, ikkje fysisk er saman. Denne forma for mobbing er likevel svært alvorleg og er hardt for den det gjeld.

Utfordringar til deg

  1. Korleis definerer vi omgrepet mobbing?
  2. Kva forskjellar er det på jentemobbing og gutemobbing?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kari Nergaard, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2018

Læringsressursar

Forebygging av mobbing og krenkelser