Hopp til innhald

Fagstoff

Kjønnsroller og rollemodellar

Barn treng både kvinnelege og mannlege rollemodellar. Tradisjonelt er det imidlertid ei stor overvekt av kvinner på dei arenaene der barn møter vaksne, først og fremst i barnehagen og på skulen. Difor er det ei utfordring å få fleire menn til å velje utradisjonelt når dei skal velje yrke.
Mannlig barnehageansatt leker med barna. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I eit forsøk på å møte utfordringa har Kunnskapsdepartementet lagt fram ein handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010. Målet er at 20 prosent av dei tilsette i barnehagane skal vere menn i framtida.

Ein betre kjønnsbalanse inneber ikkje berre at gutane får ein vaksen mann dei kan identifisere seg med. Alle barn treng å få oppleve at både kvinner og menn kan ta del i omsorga. Fleire mannlege barnehagetilsette er med på å viske ut det gamle kjønnsrollemønsteret. Barn ser at det er anerkjent at menn arbeider i omsorgs- og oppvekstsektoren. Det har mykje å seie for likestillinga i arbeidslivet og i samfunnslivet elles på litt lengre sikt.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor treng vi fleire menn i barnehagen?
  2. Er det nokon forskjell på mannlege og kvinnelege rollemodellar?
    I så fall, kva for forskjellar?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Einar Gjærevold. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Rollemodell