Vurdering

Når produktet er laga eller prosjektet er gjennomført, er det tid for ei vurdering av kva som har skjedd. Var valet av produkt eller teneste riktig? Og hugs at ja eller nei ikkje er godt nok som svar på det spørsmålet. Her dreiar det seg om å lære noko, og då må vi vite kvifor eller kvifor ikkje. No vil du ha stor glede av ein grundig dokumentasjon av prosessen. Korleis passa produktet eller prosjektet den målgruppa de hadde planlagt for? Her vil ei lita marknadsundersøking blant kundane gi dykk nokre svar.
Heldt den tidsplanen de sette opp for prosjektet i planleggingsfasen? Kva avvik blei registrerte? Dersom de var fleire som var saman om prosjektet: korleis fungerte arbeids- og ansvarsfordelinga dykk imellom? Gjekk prosessen med val av materialar, teknikk og arbeidsprosess som planlagt? Også her vil ein grundig avvikslogg vere gull verd for det neste prosjektet de skal starte opp. Hugs at avvik er noko vi lærer av, ikkje noko vi skal skjule!
Det gjeld også gjennomføringsfasen. Korleis blei arbeidet gjennomført i forhold til den planen som blei sett opp? Korleis beherska de dei metodane de brukte med omsyn til materialar, teknikkar, verktøy og maskinar? Korleis gjekk samarbeidet i gruppa? Ser de no i ettertid at det kunne ha vore andre måtar å organisere prosessen på som kunne gitt ein meir effektiv produksjon eller eit betre produkt? Kva kunne ha vore gjort annleis og kvifor?
De kan godt sjå på denne vurderingsprosessen som ei trapp med tre trinn: På første trinn klarer de å forklare kva de har gjort. På andre trinn reflekterer de over eige og andre sitt arbeid. Og på tredje trinn finn de fram til eigne utviklingsbehov ut frå denne vurderingsprosessen. Kva har du lært av dette arbeidet som du kan bruke i andre samanhengar? Har du kanskje lært noko som slett ikkje har noko med det produktet eller den tenesta de skulle utføre å gjere?
I læreplanen heiter det at de i samband med vurderinga skal reflektere over eige og andre sine arbeid som grunnlag for å tolke trendar. Ein trend er langtidsutviklinga innanfor eit område, ei slags hovudretning utan omsyn til fag. Mange design- og handverksfag er prega av dette. Tenk på dei ulike hårmotane frisørar må ta stilling til, for ikkje å snakke om klesmotane innanfor tekstilfaget. Også møbelindustrien har sine trendar; tenk berre på 1960-talet, då ’alle’ skulle ha furu.
Nokre hovudtrendar er det mogeleg å få auga på globalt. Mens det er ca. 7 milliardar menneske på jorda i dag, vil vi truleg passere 10 milliardar rundt 2050. Levestandarden i dei fattigaste delane av verda vil truleg bli betre. Men dersom deira forbruk skal forsøple jorda like mykje som vi i den industrialiserte del av verda gjer, vil det få dramatiske økologiske konsekvensar. Svaret er omlegging til ei meir berekraftig utvikling; ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov uten å gjere det umogeleg for framtidige generasjonar å kunne tilfredsstille sine behov.
I næringslivet ser vi ein stadig sterkare tendens til å ta samfunnsansvar. Frå å innta ei defensiv haldning, karakterisert ved manglande oversikt, nekte for problema, angripe angriparane og nekte endring, har næringslivet starta med å innrømme problem, reagere på press og gi uttrykk for ei meir audmjuk innstilling. Målet er å bli proaktiv, det vil seie å liggje i forkant av problema, samarbeide med styresmaktene for å løyse mogelege problem og ikkje minst å vere innstilt på ei kontinuerleg endring.
