Hopp til innhald

Fagstoff

Allergi

Allergi kjem av at immunsystemet reagerer unormalt eller for kraftig på stoff i mat, luft eller andre ting kroppen kjem i kontakt med.
Nærbilete av ung jente med raude, hovne auge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Normalt er immunsystemet vårt laga slik at det produserer antistoff, som skal verne oss mot mikroorganismar. Hos allergiske personar vil slike antistoff bli danna og gå til angrep på harmlause stoff.

Ein allergisk reaksjon kjem av stoff som blir kalla allergen. Allergen kjem frå mange kjelder. Å vere allergisk betyr altså at ein reagerer på eitt eller fleire allergen. Kva stoff ein reagerer på, og kor sterkt ein reagerer, varierer frå person til person. Nokon har så kraftig allergi at det hemmar normal livsutfalding. Menneske som ikkje er allergiske, reagerer ikkje på desse stoffa.

Kva er symptoma på allergi?

Vanlege symptom på allergi er

  • luftvegsplager med rennande nase og kløe i luftvegane. Hos nokon kan allergi utløyse astmatiske anfall.
  • hudplager med utslett eller atopisk eksem
  • ubehag i fordøyingssystemet
Ein arm med ein strimmel med tal frå 1 til 10 og ein blank væskedrope på huda ved sida av kvart tal. Ei hand med hanske skraper i huda ved sida av 9-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven blir allergiske?

Allergiar er vanlege. Eitt av ti barn kan ha symptom på astma eller eksem, og endå fleire har høysnue. I mange tilfelle dreier det seg om ein arveleg tilstand. Viss ein av foreldra har allergi, er sjansen ca. 50 prosent for at barna blir allergiske. Er begge foreldra allergiske, aukar risikoen til ca. 75 prosent. Men i 10–20 prosent av tilfella med allergi er det ikkje allergi i familien frå før.

Allergiar er som regel mest uttalte i barne- og ungdomsåra. I vaksen alder blir gjerne plagene mindre plagsame.

Allergi kan vere ein alvorleg sjukdom

Dei fleste allergikarar har milde og moderate plager. For den det gjeld, kan dette likevel påverke livet i stor grad.

Men nokre allergikarar får svært sterke reaksjonar. Dette blir kalla anafylaktisk sjokk og medfører reaksjonar frå respirasjonssystemet og sirkulasjonssystemet som i verste fall kan vere dødelege. Dette gjeld spesielt nokre matallergiar som kan føre til kvelning. For desse personane kan òg "berre lite grann" av eit allergen vere svært alvorleg.

Viss ein person er allergisk mot til dømes nøtter, skal dette derfor takast på alvor. Sjølv bitte små mengder nøtter i til dømes ei kake kan få svært alvorlege konsekvensar.

Vanlege allergiar

  • pollenallergi
  • matallergi
  • allergi mot dyr
  • kontaktallergi, til dømes mot metall
  • støvallergi

Atopi

Atopi er ein tilstand som disponerer for allergiske reaksjonar, astma og atopisk eksem. Atopikarar har eit kjenslevart immunforsvar.

Histamin

Histamin er stoff som blir danna i spesielle celler, stamceller, og som forårsakar dei allergiske reaksjonane.

Antihistamin

Anitihistamin er medikament som hemmar danninga av histamin.

Allergisk sjokk

Nokre allergiske reaksjonar kan vere svært alvorlege og i verste fall ha dødeleg utgang. Dette blir òg kalla anafylaktisk sjokk.

Behandling

Den beste behandlinga av allergi er å unngå det ein er allergisk mot. Det vil til dømes seie å unngå å ha husdyr viss ein reagerer på desse, eller å unngå matvarer som utløyser allergiske reaksjonar. Pollenallergikarar kan redusere plagene ved å opphalde seg på stader med mindre pollen i pollensesongen.

Ei legeundersøking kan avdekkje kva allergen som utløyser den allergiske reaksjonen hos ein person. Undersøkinga kan gjerast ved hudtestar der ulike allergen blir påførte huda, eller ved blodprøver.

Å unngå aktuelle allergen kan leggje store avgrensingar på livsførselen til allergikarar. Konsekvensar kan vere

  • å halde seg innandørs i pollensesongen. Det krev likevel ein del arbeid å halde innemiljøet fritt for pollen: halde vindauge lukka, ikkje tørke tøy ute og ha godt reinhald i huset.
  • å ikkje kunne ete same mat som andre. Barn med matallergi må ofte ha med sin eigen mat i bursdagar.
  • ekstra hudpleie, som smørjing med fuktkrem eller salve dersom ein har utslett og atopisk eksem.
  • å unngå bruk av sminke eller smykke.

I tillegg kan allergiske reaksjonar dempast med medikament. Augedropar og nasespray kan lindre pollenallergi, og ulike salver lindrar eksem. Allergitablettar dempar allergiske reaksjonar i heile kroppen. Medisinane inneheld gjerne antihistamin, eit stoff som hemmar danning av histamin i stamcellene.

Allergi og livsstil

For å få kontroll over allergien vil det å tilpasse livsstilen til sjukdommen føre til mindre reaksjonar og ein betre kvardag. Dette handlar som nemnt om å unngå eksponering for det som gir symptom. Slike tiltak gjeld først og fremst den som har allergiar, men òg familiemedlemmar, partnarar og nære venner kan bli påverka av dette. Røyking, dyrehald og enkelte matvarer kan vere døme på det ein med allergi bør unngå i kvardagen.

Det er mange forhold ved den moderne livsstilen vår som fører til at allergiar er ganske utbreidde i vestlege samfunn. Vi omgir oss med mange kjemiske stoff, som vaskemiddel og tilsetningsstoff i mat, og vi oppheld oss i forureina luft. Dette er ein del av måten vi lever på.

Utfordringar til deg

  1. Kva er allergi, og kva allergiar har du høyrt om?

  2. Kva er symptom på allergi?

  3. Korleis kan du dempe ein allergisk reaksjon?

Relatert innhald

Ved allergi reagerer kroppen på naturlege stoff i maten. Desse stoffa kallar vi allergen. I denne presentasjonen kan du lære meir om dei.

De seinare åra har talet på personar som har unormale reaksjonar på mat auka. Vi skil mellom allergiske og ikkje-allergiske overfølsemdreaksjonar.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Norsk Helseinformatikk.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i respirasjonssystemet