Hopp til innhald

Fagstoff

Kva vil det seie å vere sjuk?

Nokre gonger er det enkelt å avgjere at ein er sjuk. Viss du har feber, hovne og betente mandlar, eller du er alvorleg deprimert, er du sjuk. Dersom du blir undersøkt av lege og får ein diagnose, for eksempel kreft eller hjarteinfarkt, er du også sjuk.
Kvinne sit i senga og ser på eit termometer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein kan oppleve kjensla av å vere sjuk forskjellig. Du har kanskje møtt menneske som har fått påvist ein sjukdom som seier: «Eg føler meg ikkje sjuk. Med litt tilrettelegging kan eg leve eit normalt liv og ha det fint. Eg er frisk!»

Som framtidig fagarbeidar vil du møte brukarar som opplever seg som friske sjølv om dei har fått påvist ein sjukdom. Desse menneska har ofte sterk motivasjon og evne til å konsentrere seg om og bruke styrkane sine. Oppgåva di blir å støtte dei i dette.

Men du vil også møte menneske som fort ser på seg sjølve som sjuke, sjølv om vi andre kan synast at det slett ikkje verkar som dei er det. Kanskje kan heller ikkje legen påvise nokon årsak til at vedkommande er sjuk. Da blir jobben din å lytte til brukaren og saman med andre fagpersonar prøve å finne ei eventuell årsak til dette, eller kanskje motivere og hjelpe vedkommande slik at følelsen av å vere sjuk ikkje tek heile merksemda.

Vi opplever sjukdom ulikt

Årsakene til at vi opplever sjukdom ulikt, kan vere fleire, men vi veit at kunnskap om helse, og korleis ein har lært å takle sjukdom, kan ha noko å seie. Det sosiale nettverket og føresetnadene til enkeltindividet, ressursar og livsvilkår generelt vil òg påverke denne oppfatninga.

Helsefagarbeider hjelper eldre mann på sykehjem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepa sjuk og frisk er altså ikkje to separate kategoriar som vi kan sortere menneske i. Som fagarbeidar må du vise respekt både for barnet som aldri græt om det slår seg, og for han som græt for nesten ingenting. Du må respektere hardhausen som ikkje vil til lege sjølv om du ser at det feilar han noko, og du må respektere han som sit og kjenner etter om han ikkje har litt smerte ein stad.

Å respektere betyr at du viser empati og godtar at dei føler som dei gjer. Det betyr ikkje å la vere å gjere noko med problemet dersom det er nødvendig ut frå den faglege vurderinga di.

Å bli gammal er ein del av livet – det er ikkje ein sjukdom i seg sjølv. Aldring kan føre til nedsett funksjonsevne på nokre område, og måten ein lever på, må tilpassast etter dette. Nokre eldre opplever aldringa så vanskeleg at dei føler seg sjuke sjølv om dei ikkje har nokon sjukdom. Andre greier å akseptere at aldringa set nokre grenser for kva ein kan gjere, men dei fortset likevel å gjere det dei har lyst til – så langt dei greier.

Behandling

Mange sjukdommar går over av seg sjølv. Det tar kroppen sitt immunforsvar seg av. Brukarar du møter i jobben din, kan synast det er lite tilfredsstillande å bli sendt heim frå legen med beskjed om at det beste er å ta det med ro til ein blir frisk av seg sjølv. Dette vil du møte hos foreldre til forkjøla barnehagebarn, bebuarar på eldresenteret og kundar i hudpleieklinikken og på apoteket.

Helsefagarbeidar hjelper slagramma pasient med gåtrening. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men i mange tilfelle vil ein behandle sjukdommen. Menneske med like diagnosar får ikkje alltid den same behandlinga da dette blant anna er avhengig av alder, symptom, kjønn og om pasienten har fleire sjukdommar. Når legen i samarbeid med pasienten har stilt diagnosen, vil han foreslå vidare behandling. Sjølve behandlinga er det lege, sjukepleiar eller andre fagpersonar som gjer, og ofte må pasienten følgje opp sjølv.

Behandlinga kan vere i form av livstilssendring, medisinar, kirurgiske inngrep eller terapi.Mange brukarar treng hjelp til å følgje opp behandlinga av sjukdommen sin: ein skal ta medisinar til faste tider, ein må skifte bandasjar på sår og ein skal kanskje gjere spesielle øvingar. Som fagarbeidar vil du bli orientert om tiltak som blir sette i verk, og du hjelper til med å følgje opp desse innanfor kompetanseområdet ditt. Det blir viktig å motivere, støtte og hjelpe brukaren.

I samband med behandling av menneske med funksjonsnedsetting bruker vi omgrepa habilitering og rehabilitering. Dette betyr:

Habilitering

Habilitering kjem av ordet habilitere som betyr «å gjere skikka» eller «å gjere dyktig». Habilitering vil seie å trene opp funksjonar som ein person ikkje har hatt tidlegare.

Magnus, 6 år, er fødd med cerebral parese og må trene for å lære å gå. Målet med habiliteringa er at Magnus skal kunne halde ved like eller betre gangfunksjonen.

Rehabilitering

Rehabilitering er sett saman av re, som betyr «tilbake til», og habilitering. Rehabilitering vil seie å trene opp igjen funksjonar som ein person har hatt tidlegare, men som personen har mista etter sjukdom eller skade.

Per, 65 år, har hatt hjerneslag og har mista taleevna. Målet med rehabiliteringa er at Per skal lære å snakke igjen.

Diskuter i klassen

Er ein person sjuk når

  • han vaknar ein morgon og kjenner seg trøtt og uopplagd og ikkje har lyst å dra til skolen eller på arbeid?
  • han har hovudpine?
  • han er kvalm og kastar opp?
  • han har feber?
  • han har angst?
  • han har beinbrot?
  • han har Downs syndrom?
  • han har leddgikt?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2018

Læringsressursar

Helse