Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Handhygiene

Håndvask

Kunnskapane til fagarbeidaren om betydninga av god handhygiene er avgjerande for helsa og velværet til brukaren. Hendene er den viktigaste arbeidsreiskapen vi har, og dei blir brukte til både omsorg og pleie.

Riktig handhygiene hindrar spreiing av sjukdomsframkallande mikroorganismar og reduserer dermed risikoen for at brukaren blir utsett for infeksjonsfare.

 

 Hendene våre er fulle av mikroorganismar. God handhygiene er viktig for å hindre spreiing av smitte.
Opphavsmann: Marit Smith Sørhøy, Knut Høihjelle
 

 

Klikk på biletet for å sjå det i større format. Før muspeikaren over for å sjå kva for mikroorganismar som er vanlege på hendene våre.

Riktig handhygiene er eit av de viktigaste enkelttiltaka for å bryte smittekjeda og hindre at infeksjon oppstår.

Hendene er ein viktig reiskap i møte med brukarar. Hendene blir brukte til mange ulike oppgåver gjennom ein dag, og dei blir brukte til å gi omsorg med. Vi rører ved både ureine og reine kontaktpunkt, noko som inneber at hendene våre kan vere ei sentral transportkjelde for smittestoff.

Riktig handhygiene sikrar at brukaren får den omsorga og pleia han treng, utan at vi utset han for det ubehaget og den lidinga som ein infeksjon kan medføre. Føremålet med riktig handhygiene er å hindre smitte og førebyggje sjukdom.

Kunnskap, forståing og innarbeiding av gode rutinar er ein føresetnad for at dette skal fungere.

Riktig handhygiene er eit enkelt, billig og svært effektivt tiltak mot smittespreiing. Her har den enkelte fagarbeidaren eit individuelt ansvar.

Når skal vi utføre handhygieneprosedyrar?

  • før vi gjer reint arbeid
  • før vi hentar og tek i reint, desinfisert og sterilt utstyr
  • før vi handterer mat
  • før og etter kvar gong vi har fysisk kontakt med pasientar
  • før vi tek på eingongshanskar
  • før og etter at vi har stelt pasientar, reidd senger eller gjort andre prosedyrar
  • etter at vi har vore på toalettet eller pussa nasen
  • etter at vi har rørt ved ureint utstyr som bekken og temperaturmål
  • etter at vi har brukt hanskar

Tilrå
4

Ordbok

Kompetansemål

Tverrfagleg relatert

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve