Hopp til innhald

Fagstoff

Galvaniske element – straum frå kjemiske stoff

For å lage eit galvanisk element treng vi to ulike metall og ein elektrolytt.

Litt historikk

Den første som laga varige straumar ved hjelp av elektriske batteri, var den italienske fysikaren Alessandro Volta (1745–1827) i 1800. Han kalla dei galvaniske element, etter ein annan italienar, legen Luigi Galvani (1737–1798), som – kanskje utan å forstå kvifor – oppdaga at elektriske støytar fekk muskelfibrane i ein frosk til å dra seg saman. Volta brukte kopar- og sinkplater som var stabla oppå kvarandre lagvis som ei søyle, med mellomlag av tøy som var fukta med svovelsyre. Dette gav straum berre ei kort tid. John Frederic Daniell utvikla ideen vidare og laga daniellcella, som gav jamn straum over lang tid.

Galvanisk element – frå kjemisk energi til elektrisk energi

Daniellcella. Illustrasjon.

For å lage eit treng vi to ulike metall og ein elektrolytt. Spenninga mellom to metallelektrodar er avhengig av kvar metalla er plasserte i . Di større avstand det er mellom dei i spenningsrekkja, di større blir spenninga.

I eit galvanisk element av to metall vil det metallet som står til venstre i spenningsrekkja, bli den negative elektroden. Metallet som står til høgre i spenningsrekkja, vil bli den positive elektroden.

Elektrona vandrar frå den negative polen til den positive, mens straumretninga er definert frå positiv pol til negativ pol.

CC BY-SASkrive av Nils H. Fløttre. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 23.01.2019

Læringsressursar

Batteri