Skriv ut Lytt til tekst
 

Yrkessituasjonar

Ambulansen rykkjer ut

I dag jobbar Kristin og Jens saman på ambulansen. Her blir du kjend med nokre av dei arbeidsoppgåvene og utfordringane dei møter gjennom ein arbeidsdag.

Yrke: Ambulansearbeidar

Kva gjer ein ambulansearbeidar?

Oppgåve

Yrke: Ambulansearbeidar

ARU

I denne filmen møter vi ein ambulansearbeidar. Han fortel om møta sine med menneske i vanskelege livssituasjonar, og om eit yrke der ingen dagar er like.

 

I denne filmen fortel ambulansearbeidaren om yrket sitt. Sjå filmen før du gjer oppgåvene.


 

Ambulansearbeider
Opphavsmann: Høgskolen i Bergen

 

 

Teksten begynner her

 

  1. Kva meiner ein med at ambulansen er pasienten sitt første møte med sjukehuset?
  2. Ambulansearbeideran fortel at ein aldri veit kva dagen vil bringe. Kva for fordelar og ulemper meiner du dette har?
  3. Lag eit tankekart som viser ulike situasjonar der ein tilkallar ambulanse?
  4. Kva er skilnadene mellom å jobbe i ambulanse i ein storby og på landet?
  5. Skriv ei historie der du reflekterer over korleis du ville opplevd det å sitje aleine saman med ein alvorleg sjuk pasient i sjukebilen.
  6. Ambulansearbeidaren har behov for å ha god fysisk og psykisk helse. Kva betyr det, og kva for samanheng er det mellom fysisk og psykisk helse?
  7. Arbeid to og to saman.
    Hald ei båre mellom dykk og spring i korridorane og gjerne opp og ned trapper. Mål pulsen når de stoppar. Er du i stand til å jobbe med ein pasient no?
    Finn ut om ambulansearbeidarar trenar regelmessig, og om det er spesielle muskelgrupper eller område dei legg vekt på å trene opp. Lag eit oversyn over korleis fysisk aktivitet kan førebyggje belastingslidingar hos ambulansearbeidaren.
  8. Ambulansearbeidaren fortel at ambulansefaget har utvikla seg frå eit transportfag til eit helsefag. Kva meiner han med det?
  9. Kva tyder omgrepa
    • autorisert
    • kompetent
    • vidareutdanning
  10. Korleis vert ein autorisert?
  11. Intervju ein ambulansearbeidar om kva som ligg i omgrepet kompetent ambulansearbeidar.

 

 

Tilrå
7

Ordbok

Kompetansemål

Fagleg

Yrkesrelevant stoff for

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve