Pandemi og "svineinfluensa"

Det har den siste tida vore stort fokus på førebygging av smitte i samband med oppdaginga av eit nytt influensavirus. I folkeleg tale blir viruset kalla svineinfluensa, og det faglege omgrepet er influensa A (H1N1). Når så mange menneske i eit stort geografisk område er utsette for smitte av eit bestemt virus, kallar vi det pandemi.
Styresmaktene har sett inn store ressursar for å opplyse om kva som kan skje, og helsedirektoratet informerer gjennom media og eigne nettsider om førebygging. Det er høgt prioritert å hindre at så mange som frykta blir sjuke, og det blir sett inn spesielle tiltak for utsette grupper. Det dreier seg f.eks. om menneske med ulike kroniske sjukdommar.
Utfordringar til deg:
- Kva er eit virus?
- Kva tiltak for smitteførebygging har vorte sett i verk på skulen din? Er det andre tiltak som kan vere effektive for å hindre at H1N1-viruset smittar mellom elevar på ein skule?
- Kva er det viktigaste du sjølv kan gjere for å hindre at du eller andre blir utsette for smitte?
- Kva er vaksine? Finn ut kva styresmaktene gjer i forhold til vaksine av befolkninga i Noreg for å førebyggje utbrot av H1N1-viruset.
- Kva er skilnaden på ein pandemi og ein epidemi ?
