Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Slik finn du fram i Tidslinja

Bilde av periodeforsideTidslinja periodeeksempel

Eit oppslagsverk

Tidslinja gir deg ei kronologisk innføring i norsk språk- og litteraturhistorie frå urnordisk tid til i dag.

Periodeomtalar

Periodeomtalane, som ligg som ei klikkbar linje øvst i vindauget, set språk- og litteraturhistoria inn i ein samanheng, både med aktuelle hendinger i tida og med samtidig europeisk kulturhistorie.

bilde av bøker i tidslinjatidslinja bok 3

Du kan no finne informasjon om norrøn tid, humanisme og renessanse, barokk, opplys-ningstid og romantikken på tidslinja. Perioda- ne fram til 1750 er dessutan kompletterte med bøker og sideblikk.

Bøker

Midt i vindauget finn du bøker eller tekstar frå periodane. Du kan bla i bøkene slik du ville bladd i ei vanleg bok.

bilde av sideblikkoppsett i tidslinjaTidslinja sideblikk 2
Inne i boka finn du omtalar av verk og forfattar, av og til også ein generell sjangeromtale. I tillegg kan du sjå faksimile av originalteksten, som er lesen inn slik vi ser for oss at folk snakka på den tida. Noko av innhaldet er dramatisert. Du finn også radio- og tv-klipp, og lenkjer til spennande nettsider.


Sideblikk

Nedst i vindauget er det korte omtalar av personar som levde i den aktuelle perioden. Det kan vere kunstnarar, filosofar og andre personar som har sett sitt preg på europeisk historie og kultur. Klikk på namna og les!

 

Språkversjon

Tidslinja finst berre i nynorsk versjon. Etter kvart vil fagteksten liggje føre på både nynorsk og bokmål som ein pdf-fil som du kan laste ned til PC-en din. I tillegg kjem det lydversjon av periodeomtalane.

Tilrå
15