Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Kjenner vi rettane våre?

Publisert: 26.08.2010 (11:40)
Yrkessituasjonen; Stian tar ansvar

Skuleelevar har til vanleg ikkje hatt høve til å få mykje erfaring frå arbeidslivet. Mange tenkjer på arbeidslivet som ein arena der dei skal delta etter endt utdanning. Men har du sommarjobb eller ettermiddagsjobb, er du allereie der.

Alle som tar del i arbeidslivet har rettar og plikter som dei må setje seg inn i. Det finst lover og avtaleverk som regulerer kva ein arbeidsgjevar kan krevje av deg, og kva du kan krevje av ein arbeidsgjevar. Dei fleste av desse reglane gjeld, sjølv om du ikkje er fagutdanna eller arbeider full tid.

Gjennom dette vesle forskingsprosjektet kan du setje deg inn i kva for rettar arbeidstakarar har og kvifor folk vel å bli medlem av ein fagorganisasjon.  Sommarpatruljen til LO  erfarer ofte at unge arbeidstakarar ikkje set seg inn i dei reglane som gjeld. Her kan du gjere eigne undersøkingar blant ungdom – kanskje vil dine funn vise noko anna?

Problemstilling:
Kjenner ungdom til dei rettane dei har som arbeidstakarar?

 

Tilrå
16

Tverrfagleg relatert

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve