Hopp til innhald

Fagstoff

Kven er NAV?

NAV er bygd opp av den statlege Arbeids- og velferdsetaten og delar av dei sosiale tenestene i kommunen. NAV-kontoret i kommunen er møtepunktet brukaren har med NAV.
Ei glasdør inn til eit NAV kontor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudmåla til NAV

  • fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad
  • ein velfungerande arbeidsmarknad
  • rett teneste og stønad til rett tid
  • god service tilpassa føresetnadene og behova brukarane har
  • ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning

NAV skal ha ei dør inn for alle som treng hjelp og rettleiing, og har ansvar for mellom anna arbeid, sjukmeldte, rehabilitering og attføring, uførepensjonistar, økonomisk sosialhjelp, pensjonar og familieytingar. Brukarane skal møte eit kontor som inviterer til brukarmedverknad og eigenaktivitet, og der dei saman kan finne gode løysingar.

Tenesteinnhald forskjellig frå kommune til kommune

På dei lokale NAV-kontora skal heile det statlege tenestetilbodet frå dei tidlegare trygdeetaten og Aetat vere på plass, det vil seie rettleiing og oppfølging, familie- og pensjonsytingar, yrkesretta attføring, sjukepengar, hjelpemiddel med meir.
Elles er minstekravet økonomisk sosialhjelp frå kommunen. I kvar kommune skal det vere ei sosialteneste som skal hjelpe dei som ikkje klarar seg sjølve på grunn av økonomiske eller sosiale problem, eller som har eit særleg hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre forhold.


Tenestene til det lokale NAV-kontoret varierer frå kommune til kommune. Det kjem av at NAV er eit partnarskap mellom stat og kommune, der kvar enkelt kommune sjølv påverkar omfanget av tenestene som skal leggjast inn i NAV-kontoret.

Internett og sjølvbeteningsløysingar

I tillegg til at brukarane kan få hjelp på NAV-kontoret i kommunen, blir det også lagt opp til at brukaren kan nytte seg av tenestene sjølv ved hjelp av sjølvbeteningsløysingar på Internett. For eksempel er det mogleg å byte fastlege på Internett, bestille helsetrygdekort og rekne ut kva du skal betale eller få i barnebidrag.

Spesialeiningar

Det er oppretta ei rekkje spesialeiningar som skal handsame ulike typar saker. Eit eksempel er NAV Hjelpemiddelsentral som er eit ressurs- og kompetansesenter som handterer og formidlar hjelpemiddel; både tekniske og andre.

Økonomi

NAV forvaltar ein tredel av statsbudsjettet gjennom ordningar som arbeidsløysetrygd, attføring, pensjon, barnetrygd og kontantstøtte, og har heile befolkninga som brukarar..

Kilde: NAV


Utfordringar til deg

  1. Oppsøk NAV-kontoret i din kommune og finn ut kva for tenester dei tilbyr kommunene sine innbyggjarar. Om du ikkje har muligheit til å oppsøkje dette kontoret, kan du orienter deg gjennom dette NAV-kontoret sine websider.
  2. Ta utgangspunkt i det faget du har vald i prosjekt til fordjuping og finn ut om NAV tilbyr tenester som er relevante for dette yrket.
  3. Kvifor trur du brukarmedverknad og eigenaktivitet er eit mål for menneske som treng tenester frå NAV? Diskuter dette i klassen.
CC BY-SASkrive av Karl Klaussen og Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2020

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene