Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentasjon i yrkesfagleg fordjuping

I faget yrkesfagleg fordjuping har du som elev plikt til å dokumentere arbeidet ditt undervegs. Dette er bestemt i forskrifta for faget. Du treng ikkje dokumentere timar som blir brukte til fag med ein eigen læreplan, til dømes fellesfag.
Person som skriv på laptop. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utgangspunktet for dokumentasjonen din i yrkesfagleg fordjuping er dei kompetansemåla du vel å fordjupe deg i. Det er ut frå desse måla du skal dokumentere korleis du planlegg og gjennomfører arbeidet, og kva du erfarer og lærer.

Loggskriving

Du bør skrive logg kvar dag. I loggboka kan du beskrive korleis du har arbeidd med måla dine. Det kan til dømes vere at du har arbeidd med eit mål om kommunikasjon. Då kan du beskrive korleis du konkret trente på kommunikasjon i ein aktuell situasjon. Du kan skrive om det du har lukkast med gjennom arbeidsdagen, og om det du har opplevd som utfordrande eller vanskeleg. Du bør tenkje gjennom og beskrive kvifor du eventuelt opplevde noko som særleg utfordrande, eller kvifor ein vanskeleg situasjon oppstod.

Refleksjon over eigen praksis

Når du dokumenterer arbeidet ditt på denne måten, reflekterer du over det du gjer på arbeidsplassen. Refleksjon handlar om å tenkje etter og å stille seg sjølv spørsmål. Gjennom å reflektere får du innsikt i kva du meistrar bra, og kva du treng rettleiing eller meir trening i. Kunne noko ha vore gjort annleis, eller er du fornøgd med korleis du har utført arbeidsoppgåvene dine? Gjennom arbeidsdagen vil du av og til oppleve noko som gjer spesielt inntrykk. Du lærer også mykje av å reflektere over det og skrive om det.

Dokumentasjon av eige arbeid

Å skrive logg er ei ganske vanleg form for dokumentasjon i yrkesfagleg fordjuping. Andre måtar å dokumentere arbeidet ditt på kan vere å lage ein skriftleg rapport om noko du har fordjupa deg i. Dette kan til dømes vere ei kartleggingsundersøking eller ei spørjeundersøking. For at du skal kunne vise dokumentasjonen din fram for andre, er det viktig at du er spesielt oppmerksam på teieplikta. Du skal ikkje skrive namn eller gi personlege og private opplysingar om personar du møter. Hugs at det er situasjonane du opplever, som skal vere hovudsaka i det du skriv, ikkje kven personane i situasjonen er.

Gjennom å dokumentere i yrkesfagleg fordjuping lærer du deg kor viktig det er å dokumentere. Du blir bevisst på di eiga læring og korleis du utfører arbeidsoppgåvene dine. Dette bidreg til fagleg kvalitet på dei tiltaka du set inn, noko som blir forventa av deg i den vidare yrkesutøvinga di. Derfor er det veldig viktig at du allereie no trenar på å innarbeide gode rutinar for dokumentasjon i yrkesfagleg fordjuping.

Utfordringar til deg

  1. Kva seier forskrifta om dokumentasjon i faget yrkesfagleg fordjuping?
  2. Kva er ein logg?
  3. Kva kan du lære av å dokumentere i faget yrkesfagleg fordjuping?
  4. Kven har ansvaret for å ta vare på den dokumentasjonen du utarbeider i faget?
  5. Kvifor må du vere ekstra merksam på teieplikta når du dokumenterer i dette faget?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Lene Fossbråten.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020

Læringsressursar

Lover og regelverk