Butikkslaktar

Butikkslaktaren – Meister bak delikatessedisken
Butikkslaktaren har ansvar for kjøtvarene i ferskvareavdelingar og kjøtforretningar. Kunnskap om kundehandsaming og sal er derfor like viktig som kunnskap om kjøttprodukta.
Kva gjer ein butikkslaktar?
Butikkslaktaren arbeider i den viktige sistelekken, der forbrukaren tek i mot kjøttvarene. Butikkslaktaren skal vere kunden sin rådgjevar. Butikkslaktarfaget kan og handle om ferdigmat, fisk, ost, grønt og bakarvarer, med fokus på sal og kundehandsaming. Økonomi og marknadsføring er og viktige element i faget. Butikkslaktaren er kjøttbransjen sitt ansikt mot kunden, og han eller ho må difor ha grunnleggande kunnskap om heile verdiskapingslina frå bås til bord. Spørsmål knytt til etisk kjøtproduksjon, religion, helse, ernæring og tilsettingsstoff i matvarer må han eller ho kunne handsame på ein fagleg god måte.
Kvar kan eg jobbe?
Utsiktenen til jobb som faglærd butikkslaktar er gode, både i daglegvareforretningar, i spesialforretningar, og innanfor catering og produksjon av ferdigmat. I dagligvarebutikkane femner vareutvalet i tillegg til kjøt og kjøtprodukt, både sjømat, frukt og grønt, bakarprodukt, ost og mjølkeprodukt.
Fakta:
Yrkesnemning:
Butikkslaktar
Eventuell videreutdanning:
Matteknologi, Teknisk Fagskule
Løn i læretida:
40% 1. år, 60% 2. år av startløn for fagarbeidarar
Meir informasjon på:
NHO Mat og bio
Vil bli butikkslakter

