Hopp til innhald

Fagstoff

Skjema for serievendar

Installasjonsteikningar og koplingsskjema for serievendar. For at vi skal kunne gjere elektriske installasjonar, er vi avhengige av ulike skjema.
Ein serievendar i delar. Delane indikerer at han skal monterast på vegg i eit ope anlegg. Innmaten i brytaren vil uansett vere lik for ein innfelt brytar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Serievendar i bu. Teksten viser romnummer og at rommet er 4,1 kvadratmeter stort. Dei bølgjeforma strekane i veggane indikerer at rommet er isolert. Illustrasjon.

Installasjon av serievendar

I dette dømet ønskjer kunden å ha ei vifte montert i bua for å tørke klede der. Denne skal ein kunne slå av og på med ein brytar ved døra.

I dette tilfellet vel vi å montere ein stikkontakt for vifta. Vi monterer òg ein serievendar som brytar ved døra, då kan både vifte og taklampe styrast med same brytar.

Skjemaet viser at bua får tilførsel frå koplingsboksen nedst i biletet. Tilførselen går til serievendaren, der han blir fordelt til lampa og den doble stikkontakten med jord. Dei bogne kabelføringane indikerer at dette er eit skjult anlegg.

Koplingsskjema

Om du ikkje kjenner brytaren godt, kan du studere baksida av bryteren, eventuelt det medfølgjande databladet.

Baksida av ein serievendar, innfelt brytar. Symbola indikerer korleis han skal koplast. Foto.

Skjemaet viser korleis ein serievendar blir kopla i dette tilfellet. Legg merke til at L-greina blir fordelt til dei to bryterne, mens N-greina ikkje kan brytast.

Med tanke på kopling har det ikkje noko å seie kva slags L-grein som går til brytaren og til lampa, men med tanke på praktisk bruk kan det vere greitt å ha ein tanke om kva som er venstre og høgre del av brytaren.

Koplingsskjema for serievendar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Her skal du installere og lære om forskjellige lyskjelder som er styrte av dei vanlegaste lysbrytarane som blir nytta i bustader.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Lys, lysstyring og stikkontakter