Fagstoff

Ordklassar

Publisert: 10.08.2009, Oppdatert: 03.03.2017

Ti ordklassar

Orda i det norske språket blir til vanleg delte inn i ti grupper eller ordklassar. Du har lært om dei i grunnskolen, men om du vil sjekke at kunnskapen framleis sit, kan du gjere det her!

Ikon for e-forelesningE-forelesning

E-forelesningar

På dei neste sidene finn du seks e-forelesningar om ordklassar i norsk. I slutten av kvar e-forelesning ligg det ei enkel interaktiv oppgåve og ei oppsummeringsoppgåve, slik at du får testa om du har fått med deg det viktigaste.


Ord med ulike eigenskapar

Når vi deler inn orda i språket vårt i ordklassar, ser vi på tre slags eigenskapar ved dei:

  • om orda kan bøyast eller ikkje
  • kva slags tyding dei har
  • kva slags jobb dei kan gjere i setninga

Bøying

Substantiv er ein ordklasse som kan bøyast, for eksempel ein penn – fleire pennar. Interjeksjonar derimot er ubøyelege og har derfor alltid same form: Huff! Ja!

Tyding

Ordklassar kan ha ein bestemt type tyding. Verb skildrar ei handling, ein prosess eller ein tilstand: å gå, å svartne, å kvile. Substantiv på si side er namn på personar, gjenstandar mm.: eit barn, ei saks, ein blyant.

Funksjon i setninga

Nokre ord kan fungere som sjølvstendige setningsledd i ei setning, som for eksempel substantiv. Eit substantiv kan vere subjekt, objekt eller predikativ i ei setning: Sjefen lo. Han ser sjefen. Ho er sjefen.

På den andre sida har vi ord som til vanleg ikkje kan fungere som sjølvstendige setningsledd, for eksempel bestemmarord (determinativ). Dei må stort sett stå saman med eit substantiv, og utgjer ein del av substantivfrasen: sykkelen min , dette huset.