Hopp til innhald

Fagstoff

Oh! Susanna

Dansen "Oh! Susanna" har ei kjede med variasjonar. Å danse i kjede (åttetal) er jo eit element som går igjen i mange folkedansar, frå fleire land. Dansen består av fire delar, og kjeda er ein av dei. Progresjonen ligg i kjeda, og det inneber skifte av partnar heile tida.

Slik går dansen

Dansen er delt opp i fire delar. Etter at dei fire delane er gjennomførte éin gong, gjentek ein så mange gonger ein ønsker eller til musikken stoppar.

Utgangsposisjonen er at dansarane dannar ein ring og står vende mot kvarandre.

  1. Annankvar dansar går fire steg, taktfast inn mot midten av ringen, for så å gå baklengs tilbake til utgangsposisjonen. Deretter går dei andre dansarane inn i ringen på den same måten, for så å gå baklengs tilbake. Dei dansarane som heile tida står, utgjer resten av ringen; dei står i ro og klappar hendene i takt.

  2. Alle legg armane i kors og vender seg mot ein partnar. Dei som utgjer eit par, går til sida for kvarandre, rundar rundt og går baklengs tilbake til utgangsposisjonen. Rørsla dannar eit åttetal. No vender alle seg 180 gradar mot den andre dansaren som står ved sida av, og gjentek åttetalsrørsla.

  3. Alle vender seg 180 gradar, byrjar å gå mot næraste dansar og tek hen i handa mens ein går framover, slepper handa og møter neste dansar med den andre handa. Dermed vil dansarane passere kvarandre på annakvar side når dei beveger seg ein runde rundt i ringen.

  4. To og to dansarar står side ved side, held kvarandre i ei hand og har ansiktet vendt i same retning. Alle para går i takt i same retning, ein runde i ringen.

  5. Når dansarane er tilbake til utgangspunktet, dannar dei ein ring der alle har ansiktet vendt inn mot midten. No held dansen fram på del 1 igjen.

CC BY-NC-SASkrive av Frøydis Hausmann, Høgskolen i Bergen. Rettshavar: Jan Emil Ellingsen, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 26.01.2023

Læringsressursar

Dans