Oppgåve

Alle vi

Publisert: 28.07.2009, Oppdatert: 03.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut

Oppgåve

Spørsmål til teksten "Alle vi"

Ung, overvektig jente i bikini; vi ser ryggen hennes  

Les novella "Alle vi" og svar på spørsmåla:

  1. Kva er temaet i denne forteljinga?
  2. Kva synest "alle vi" om Lill Miriam? Kva er det dei vurderer henne etter?
  3. Korleis reagerer "alle vi" når dei ser at Lill Miriam vert meir og meir redd, og når ho grin?
  4. Kva endar plaginga med?
  5. Tittelen på teksten er "Alle vi". Kvifor trur du eg-personen i teksten så ofte seier "alle vi" i staden for "eg"?
  6. Når vi les ei forteljing i eg-form, identifiserer vi oss gjerne med eg-personen. Kva med eg-personen her? Føler vi sympati for henne (eller han)? Grunngi svaret.
  7. Forteljinga har eit noko spesielt oppsett, med ganske korte linjer.
    • Kva slags leserytme skaper dette oppsettet?
    • Kvifor trur du forfattaren har valt å setje opp teksten slik?
  8. Er dette ein tekst som seier noko viktig om problemet han tek opp? Grunngi svaret.
Relatert innhald

Generelt