Arbeidsmarknaden i dag

Arbeidsmarknaden endrar seg over tid. Det finst skilnader i arbeidsmarknaden geografisk, aldersmessig, mellom kjønn og mellom innvandrarar og nordmenn. For å få oversyn over desse skilnadene og endringane kan vi gå til Statistisk sentralbyrå som gir ut kvartalsvise oppdateringar om ei rekkje forhold knytte til arbeidsmarknaden.
Det blir færre og færre bønder. I dag jobbar det tre gonger så mange i butikk som det er bønder og fiskarar.
Fotograf: Tore Kristiansen
Det er store variasjonar i arbeidslivet både når det gjeld geografi, alder, kjønn og innvandrarbakgrunn.
Fotograf: Morten Holm
Livslang læring omfatter opplæring på alle nivåer, formell og uformell læring og realkompetanse i arbeids- og samfunnsliv.
Kjelde: St.meld. nr 30 (2000-2001)
Kvinner er overrepresenterte i omsorgsyrke. Ligg forklaringa i tradisjonelle kjønnsrollemønster? Sjukepleiar Ragnhild Warloe er 67 år og vil gjerne jobbe så lenge som mogleg.
Fotograf: Knut Snare
Statistikk i arbeidslivet
Det er kanskje vanskeleg for deg å vite kva jobbar som er etterspurde i arbeidsmarknaden i dag. Statistisk sentralbyrå kan kanskje gi ein peikepinn. Samstundes er det greitt å hugse på kor ofte det svingar i arbeidslivet, og at det området der det trengst mest jobbar no, ikkje treng vere det same om 10 år.
På temasida til SSB om arbeid kan vi til dømes lese at det er tre gonger så mange som jobbar i butikk, som det er bønder og fiskarar. 25 000 personar er administrerande direktørar og 21 000 er vaktmeistrar. 31 prosent av leiarane er kvinner, samstundes har 41 prosent av kvinnelege sysselsette deltidsjobb. Arbeidsstyrken per juli 2010 er på 72,9 %, arbeidsløysa er på 3,3 %, og sjukefråveret for 2. kvartal 2010 er på 6,3 %.1 Dette er berre nokre forhold som blir tekne opp på sidene.
31 % av leiarane i arbeidslivet er kvinner. Kristin Skogen Lund er president i NHO.
Fotograf: Kyrre Lien
Variasjonar
Det finst mange variasjonar innanfor arbeidsmarknaden. Geografisk sett vil mange typar arbeid vere knytte til dei store sentrale byane i Noreg. I tillegg er utdanning og kompetanse sentralt i dei fleste yrke. Her handlar det om å vere oppdatert på fagområdet sitt. Livslang læring inneber at du for å følgje med i eit skiftande arbeidsliv må vere i stand til å lære nye ting gjennom heile arbeidskarrieren din. Livslang læring vil seie at du aldri blir utlært.
Alder
Alder har også noko å seie, på godt og vondt. Yngre arbeidssøkjarar manglar erfaring, eldre kan få problem med å halde seg oppdatert på nye teknologiske løysingar. Det er også i desse gruppene arbeidsløysa ofte er størst. Mange unge slit med å etablere seg i arbeidsmarknaden i konkurranse med andre tilsette med erfaring. Ofte opererer ein med ein kritisk alder på rundt 50 år i arbeidslivet. Mange eldre med mange års yrkeserfaring slit med å få ny jobb etter fylte 50. Slik sett mistar arbeidslivet ein viktig ressurs, som har etablert mykje yrkeserfaring gjennom eit langvarig arbeidsliv.
Innvandrarar
Det finst mange døme på innvandrarar med utdanning og kompetanse som ikkje får jobbar dei er kvalifiserte for. Dette er ei form for diskriminering. Mange innvandrarar blir gåande utan jobb, mens mange andre tek jobbar dei er overkvalifiserte for. Er det slik at innvandrarar tek dei jobbane nordmenn ikkje vil ha? Denne praksisen er også ei form for sløsing da samfunnet mistar mykje kompetent arbeidskraft gjennom denne praksisen.
Kjønnsdelt arbeidsmarknad?
Finst det ein kjønnsdelt arbeidsmarknad i dag? Det finst ikkje nokon lovmessige skilje knytte til kjønn og arbeid. Likevel er kvinner overrepresenterte mellom anna i omsorgs- og sørvisyrke, mens menn tradisjonelt sett dominerer blant handverkarar og på leiarsida. Kva kjem dette av? Mykje av forklaringa ligg nok truleg i tradisjonelle kjønnsrollemønster. Gjennom sosialiseringsprosessen stør ein ofte denne rolledelinga, noko som igjen gir seg utslag i val av yrke i vaksen alder.
Offentlege stønadsordningar legg godt til rette for at kvinner og menn skal kunne skape ein familie utan å måtte forlate arbeidslivet. Likevel er det som oftast kvinner som tek ansvaret for barn og dermed mistar arbeidserfaring i kortare tidsrom. Trass i lover som skal motverke denne tendensen i arbeidslivet, finst det framleis ein kjønnsdelt arbeidsmarknad.
- 1. . 2010. Statistisk sentralbyrå: Arbeid - temaside. 2010
