Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Suksesjonen gjennomgår ulike fasar

Publisert: 26.08.2010 (23:55) , Oppdatert: 26.04.2011 (14:26)
Landskap

Endringane som skjer gjennom ein suksesjon, kan vi dele inn i ulike fasar: pionerfasen, konsolideringsfasen og klimaksfasen.

Økologisk suksesjon. Simuleringar og oppgåver.
Kjelde: ©CyberBook AS| YDP|NDLA

 

 

BlandingsskogLauvskogen har størst vekst og dominerer suksesjonen dei første 10–15 åra før granskogen får overtaket.
Opphavsmann: Martin NH

 

 

Endringar i biologisk mangfald og produktivitet under suksesjon. Simulering og oppgåver.
Kjelde: ©CyberBook AS| YDP|NDLA


 

Pionerfasen

Pionerfasen er starten på ein suksesjon. I ein primær suksesjon vil denne fasen som regel starte med organismar av gruppa lav, som tek næring frå regnvatnet og som klarer seg på berg, stein eller rein mineraljord utan innhald av humus.

HogstflateHogstflate i pionerfase. Lyskrevjande plantar som smyle og tyttebær får eit oppsving når skogen er borte. Vi ser mellom anna den nitrogenkrevjande arten geitrams, som dreg nytte av redusert konkurranse.
Opphavsmann: Martin NH
 

Etter kvart som stein forvitrar og innhald av organisk materiale blir blanda inn, får vi eit jordsmonn som andre planteartar kan utnytte. Når plantar har etablert seg, kan ulike dyreorganismar òg finne næring og levestad her.
Ein sekundær suksesjon startar ikkje "på bar bakke". Her finst det som oftast jordsmonn, og det er røter og frø i jorda. Det er òg dyr og mikroorganismar til stades. Her er pionerplantane gjerne lyskrevjande organismar med god spreiingsevne. Ofte vil næringskrevjande plantar dominere fordi konkurransen om næring er liten i denne fasen.

Hogstfelt, 5 år gammelt.Hogstfelt, fem år gammalt. Nitrogenkrevjande artar som bringebær har framleis gode vilkår. Rogn og andre lauvtre er på veg inn.
Opphavsmann: Kristin Bøhle
 

Konsolideringsfasen

Konsolideringsfasen er den påfølgjande fasen. Der er artsmangfaldet størst. Pionerartane er i tilbakegang, men dei er framleis til stades. Samtidig er konkurransesterke artar med mindre næringskrav i sterk vekst. Det varierte plantelivet gir eit miljø som tiltrekkjer eit mangfald av dyreartar.

Klimaksfasen

Taigaens utbredelseUtbreiinga av det nordlege barskogbeltet, taigaen.
Opphavsmann: Joonasl
 

Klimaksfasen er det stabile og "endelege" stadiet i suksesjonen. Dette blir hovudsakleg styrt av klimaet i området, med påverknad frå andre biotiske faktorar som pH-en i jorda, næringsstatus og fuktgrad. I Noreg er klimaksstadiet prega av økosystem med barskog. Desse økosystema er samla under nemninga taiga.

I fjellområda, der varmesummen er for liten og vekstsesongen for kort, manglar skogen. Skogen manglar òg langs den ytste kyststripa på grunn av vind og saltpåverknad frå sjøen. I kystnære område i sør og vest er klimaksstadiet prega av edellauvskog som krev lengre vekstsesong og betre jordsmonn enn barskog.

GranskogGranskog dannar klimaksfasen for suksesjon over det meste av låglandet i Noreg.
Opphavsmann: Kristian André Gallis
BøkeskogPå Sør- og Vestlandet kan vi finne varmekjær edellauvskog som klimaksvegetasjon.
Opphavsmann: Hedwig Storch

Tilrå
28

Fagleg

Tverrfagleg relatert

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve