Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Arbeid

Publisert: 26.08.2010 (11:30) , Oppdatert: 08.06.2011 (14:03)
Elektriker

Gjennom arbeidet bidreg vi til verdiskapinga i samfunnet. Mange fellesoppgåver i samfunnet er heilt avhengige av finansiering gjennom skattar og avgifter. Det finst det eit lovverk som vernar deg som arbeidstakar når du kjem i jobb, og det finst etiske retningslinjer arbeidstakarane må innrette seg etter.

penger og kortÅ være i jobb gir oss mer økonomisk sikkerhet.
Opphavsmann: Anne Seland Skailand
 
stemplingsurDet blir venta høg arbeidsmoral på ein arbeidsplass. Å komme presis på jobb er viktig.
Fotograf: Gorm Kallestad
  

 

yrkesaktive - statistikkYrkesaktive kvinner og menn i ulike aldersgrupper (prosent).
Opphavsmann: Statistisk sentralbyrå
  

Å vere i jobb sikrar oss økonomisk, og tilveret vårt blir tryggare og meir føreseieleg. I tillegg bidreg vi gjennom vår eigen arbeidsinnsats til verdiskaping, og skatten vi betaler inn, blir ein del av det økonomiske grunnlaget for å finansiere oppgåvene til staten. Velferdsstaten kostar! Bygging og drift av skular, sjukehus og vegar er heilt avhengig av at du bidreg til fellesskapen gjennom arbeidet.

servitør- og kokkeeleverAllereie på vidaregåande veit mange kva dei ønskjer å satse på i arbeidslivet. Dette speglar seg av i kva for studieretning dei vel.
Fotograf: Bjørn Thunæs

Ein elev må byrje å tenkje gjennom utdanningsval allereie på ungdomsskulen. For på vidaregåande skule vil mange velje meir spesialiserte fag for å kunne komme inn på den konkrete utdanninga dei ønskjer. Har du interesse, talent og kunnskapar innanfor elektrofag og har tenkt deg ei utdanning innanfor ingeniørfaga, vil det kanskje vere naturleg å velje ei yrkesfagleg studieretning. Det same gjeld også for andre studieretningar på vidaregåande.

I praksis vil derfor overgangen mellom ungdomsskulen og vidaregåande skule innebere eit konkret val du må ta. Valet opnar for meir spesialisering og konkretisering av utdanninga di, men valet inneber også at du vel bort nokre moglegheiter i eit kortare perspektiv.

På skulen har du både rettar og plikter. Det har du også som arbeidstakar; det finst ei rekkje grunnreglar du må innrette deg etter. Ifølgje arbeidsmiljølova har du rett til ein arbeidskontrakt når du er tilsett (§ 14–6). Saman med arbeidsgivaren skal du underteikne arbeidskontrakten din, som definerer arbeidsstatus, sjølve arbeidstida, feriar, arbeidsinstruksar, lønn med meir.

Arbeidskontrakten regulerer forholdet mellom arbeidsgivaren og arbeidstakarane og er bindande for begge partar. Arbeidet du skal utføre, skal vere forsvarleg, og du skal ha klart definerte arbeidsoppgåver. Arbeidsgivaren har eit ansvar for at arbeidet du utfører, er meiningsfylt, og at du trivst på arbeidsplassen. Naturleg nok vil arbeidsgivarane ha hovudansvaret for at bedrifta blir driven lønnsamt, men som arbeidstakar er det venta også av deg at du bidreg til dette. I tillegg ventar ein at du er lojal overfor arbeidsplassen, arbeidsgivarane og andre kollegaer på jobben.

Det blir venta høg arbeidsmoral, at ein møter presis på jobben, og at ein samarbeider godt med andre tilsette og leiinga. Mellom rettane ein har som arbeidstakar, er lønn under sjukdom, fødselspermisjon for kvinner og menn, og vern mot usakleg oppseiing. 

Tilrå
11

Andre ressursar

Frå NyGiv

Brukast i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve