Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stemmebruk og stemmeleie

Gutt som snakker og gjør opptak på mobil. Foto.

Oppgåve 1

Stemmebruk: volum, tempo, klang

Øving 1

Tre personar begynner samstundes å telje til ti. Den eine bruker lys stemme, den andre vanleg stemme og den tredje djup stemme. Byt roller.

Øving 2

Tenk at du skal seie følgjande til ei forsamling på høvesvis 10 personar, 30 personar og 100 personar. Tilpass stemmebruken:

"Vil forsamlinga vere snill og komme til ro!"

Øving 3

Gå saman i talekor og gi att regla nedanfor. Vel ein dirigent som ved hjelp av gestar dirigerer rytme og variasjon i røystene frå svak til sterk lyd, frå kviskring til høgrøysta tale, frå langsam til rask uttale:

"Akka bakka bonka rakka hekla mekla sjong dong filli fjong issa bissa topp stopp"

Oppgåve 2

Stemmeleie

Kommandér hunden

Du har ein ulydig hund som ikkje kjem når du roper. Korleis vil du kommandere han på plass? Prøv forskjellige variantar.

Oppgåve 3

Variér toneleie og stemmeklang.

Setningane under skal lesast på ulike måtar ved hjelp av toneleiet og klangen i røysta:

Eg er glad i deg.

Eg hatar deg.

Om du ikkje lèt meg i fred, da går eg.

Så vakre auge du har.

Snart er det friminutt.

Prøv for kvar av setningane å uttrykkje:

  1. ei spørjande haldning
  2. ei konstaterande haldning
  3. ei truande haldning
  4. glede
  5. overrasking
  6. vonbrot
  7. forelsking
  8. ironi
CC BY-NC-SASkrive av Valgerd Mørch.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2017

Læringsressursar

Innføring i lyd