Hopp til innhald

Fagstoff

Tenkjerunden: emne, formål, publikum

Det aller første du må avklare når du skal ha ein presentasjon eller eit foredrag, er kva du skal snakke om, kven som er publikummet ditt og kva du vil oppnå med det du seier.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre grunnleggjande punkt

Før du går i gang med det praktiske arbeidet, må du avklare tre punkt:

  • Kva er emnet ditt?
  • Kven er tilhøyrarane dine?
  • Kva vil du oppnå med presentasjonen din?

Tenkjer du nøye gjennom desse punkta først, ser du mykje betre kva du skal konsentrere deg om og passe på. Du arbeider meir målretta og sparer tid og krefter.

Emnet ditt

Veit du heilt sikkert kva oppgåva di er? Veit du kor mykje fagleg informasjon du må ta med i presentasjonen, og kva sider ved emnet du må konsentrere deg om? Eller står du nokså fritt til å velje innhald? Dersom du er usikker, bør du spørje faglæraren om råd.

Tilhøyrarane dine

Ein presentasjon skal gi publikum noko. Skal du lykkast med oppgåva di, er du derfor nøydd til å "treffe" tilhøyrarane. Det hjelper ikkje med store kunnskapar om publikum ikkje heng med. Tenk derfor igjennom: Kor mykje veit tilhøyrarane om emnet frå før? Er det barn, unge, vaksne eller eldre du skal snakke til? Kva for omsyn må du ta?

Formålet med presentasjonen din

Kva er det du ønskjer å gi publikum? Vil du formidle sakleg informasjon? Skal du gi råd, rettleie eller underhalde? Ha eit klart mål for presentasjonen din, og ha det i tankane heile tida medan du arbeider med oppgåva.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag