Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Sjanger

Bilde av rapp-gruppa SvartedaudenRapp-gruppa Svartedauden
Opphavsmann: Line Elvsåshagen

Stadig nye sjangrar

  • Sjangrar endrar seg,  dei kan gå ut av bruk, og nye sjangrar kan oppstå.

  • Rapping er ein av dei nyaste musikksjang- rane. Trur du folk kjem til å lage rapp om hundre år?

Kva er ein sjanger?

Ordet sjanger tyder slekt, type, kategori, klasse eller art. Vi bruker omgrepet når vi kategoriserer skriftlege og munnlege tekstar, filmar, bilete, musikk med meir. Her er nokre døme:

  • Filmsjangrar

    actionfilm, science fiction-film, dokumentarfilm
  • Musikksjangrar

    popsong, arie, sonate, folkevise, symfoni
  • Munnlege sjangrar

    konfirmasjonstale, intervju, salme, bønn, vits


Kor mange sjangrar finst det?

Dette spørsmålet er det faktisk umogleg å svare på. Når vi skal beskrive ein tekst og plassere han i ein bestemt sjanger, kan vi velje mellom fleire kjennemerke eller kriterium. Vi kan til dømes klassifisere tekstar etter

  • Innhald

    bilreportasje, kjærleikshistorie
  • Form

    formelt brev, limerick, samtale
  • Formål

    invitasjon, takkebrev
  • Sendar

    lesarinnlegg, elevtekst
  • Mottakar

    barnebok, ungdomsfilm
  • Medium

    radioteater, telefonsamtale, sms
  • Situasjon

    konfirmasjonstale, jobbintervju


Éin tekst - fleire merkelappar

Kvar einaste tekst kan beskrivast på ulike måtar. Boka Mannen som elsket Yngve av Tore Renberg kan vi til dømes kalle ein ungdomsroman, men òg ein oppvekstroman. Den første nemninga viser til målgruppa, den andre legg vekt på innhaldet.

Sjangernemninga vi vel, viser alltid til den eigenskapen ved teksten som vi synest er viktigast og som vi derfor vil framheve. Dette er ein praktisk fordel for oss som bruker nemningane, men ulempa er at det kan vere vanskeleg å oppdage noko fast system i sjangerinndelinga.

Tilrå
7

Oppgåver

Fagleg

Andre ressursar

Frå deling.ndla.no

  • Kronikk i Dagbladet om Wikipedia og læring [+]
    • Dekkjer delvis "gjøre rede for mangfoldet av muntlige, skriftlige og sammensatte sjangere og medier i det norske samfunnet i dag, og hvilken rolle de spiller i offentligheten

Frå NyGiv

  • Norsk: om film for Ny Giv-elever [+]
    • gjøre rede for mangfoldet av muntlige, skriftlige og sammensatte sjangere og medier i det norske samfunnet i dag, og hvilken rolle de spiller i offentligheten ""

Brukast i

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve