Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Økosystema er i endring

Publisert: 28.08.2010 (10:33)

I eit velutvikla økosystem er det god balanse i forholdet mellom dei ulike organismane og i forholdet organismane har til naturmiljøet. Over eit avgrensa tidsrom kan eit økosystem derfor oppfattast som ein stabil tilstand. Dette gjeld då ikkje om vi ser på økosystema over lang tid.

BrefrontFramsmelta morene dannar grunnlaget for starten på ein primær suksesjon
Opphavsmann: GerdM

 

Brannskadet skogBcasterlineEtter ein skogbrann startar ein sekundær suksesjon.
Opphavsmann: Bcasterline


Primær og sekundær suksesjon. Simulering og oppgåver.
Kjelde:©CyberBook AS| YDP|NDLA

 

Suksesjon og endringar i økosystem. Simulering og oppgåver.
Kjelde: ©CyberBook AS| YDP|NDLA

Økosystem i endring: suksesjon

Det abiotiske miljøet endrar seg gradvis. For eksempel forvitrar berggrunnen og dannar lausmateriale som utviklar jordsmonn, regnvatn vaskar ut næringsstoff frå jorda, klimaet endrar seg osv.

Dei levande organismane vil òg påverke miljøet. Daude plantar tilfører for eksempel jorda humus og endrar samansetjinga av jordsmonnet, barnåler dannar sur humus som påverkar pH-verdien i jorda, skog som veks opp på eit tidlegare ope område, vil skugge for mange plantar som veks der, og endring av plantelivet påverkar kva slags dyr som kan leve der.

I tjørn og innsjøar er det aukande plantevekst slik at grunne område langs strendene blir utvikla til sump. Med tida kan heile tjørna fyllast opp med planterestar og bli til ei myr. Ei slik gradvis endring av eit økosystem blir på fagspråket kalla ein suksesjon.

Suksesjon fra tjern til myrGjengroing av tjørn og omdanninga til myr, og deretter til fuktskog, er ein svært langsam prosess. Vi kan sjå mange stadium av denne utviklinga i norsk natur.
Opphavsmann: Ragna Handrum

Vi deler inn suksesjon i to hovudartar:


Stein bevokst med fokklav og kartlavFokklav og kartlav. Primær suksesjon. Hardføre artar som fokklav og kartlav er typiske pionerartar. Dei vil sakte løyse opp berget og gi grunnlag for danninga av jordsmonn.
Opphavsmann: Kristin Bøhle

Primær suksesjon

Primær suksesjon er den langsiktige utviklinga som skjer frå starten av, det vil seie frå eit livlaust område blir tilgjengeleg for levande organismar. Eit område som er danna av lava og vulkansk oske etter eit vulkanutbrot, er heilt utan biologisk liv i starten. Etter kvart kan nokre organismar ta området i bruk, og dette påverkar miljøet slik at det kan gi livsvilkår for andre organismar. På denne måten blir det danna eit økosystem som gradvis endrar seg etter kvart som tida går. Tilsvarande utvikling har vi på framsmelta morene frå ein isbre eller på sand- og grusavsetjingar langs ei elvebreidd.

Sekundær suksesjon

Sekundær suksesjon er utviklinga som følgjer etter ei større endring av miljøforholda i eit etablert økosystem. Dei nye forholda vil gi livsgrunnlag for organismar med andre miljøkrav og andre miljøtilpassingar enn dei som levde der før. Ein skogbrann eller ein flatehogst medfører for eksempel ei brå endring av miljøet og startar ei ny utvikling av økosystemet. Sjå "Suksesjon i skog" og "Livet etter ein skogbrann" i lenkjestoffet i margen til høgre. Eit område med dyrka mark eller beite som blir teke ut av bruk, vil starte ei endring mot eit nytt økosystem.

Tilrå
20

Fagleg

Til fordjuping

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve