Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunale helsetenester

Kommunehelsetenestelova sikrar at kommunen sørger for at innbyggarane har tilgang til nødvendige helsetenester. Helsetenester på dette nivået blir òg kalla primærhelseteneste eller førstelinjeteneste.
Lite barn i berre bleie sit på golvet og leiker med duplo og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helsestasjons- og skulehelsetenesta

I alle kommunar finst det ein eller fleire helsestasjonar som arbeider helsefremmande og førebyggande, både med psykisk og fysisk helse og med sosiale forhold. Helsestasjons- og skulehelsetenesta er ei lovpålagd teneste til alle barn og unge frå 0 til 20 år og til gravide som ønsker å gå til svangerskapskontroll på helsestasjon.

Helsestasjonen

Helsestasjonen er eit gratis og frivillig tilbod til gravide og småbarnsfamiliar. Målet er å førebygge sjukdom og arbeide for god fysisk og psykisk helse hos barn frå 0 til 5 år. Det inneber helsekontrollar og vaksinasjon av barnet og dessutan rettleiing i ernæring, tannhelse og barnestell til foreldra. Tilbodet omfattar som nemnt òg svangerskapsomsorg for gravide som har valt å gå til svangerskapskontroll på helsestasjonen.

Alle kommunar skal òg ha tilbod om gratis helsestasjon for ungdom. Her kan ungdom få gratis seksualopplysning, helserådgiving og hjelp med problem i kvardagen utan å bestille time.

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er retta mot barn og ungdom i alderen 6 til 20 år, det vil seie alle skuleelevar i grunnskulen og i vidaregåande skule. Målet er å fremme lærings- og utviklingsmiljøet til barn og ungdom og bidra til å legge til rette for eit godt psykososialt og fysisk arbeidsmiljø i skulen. Elevar og foreldre kan ta kontakt med skulehelsetenesta etter ønske og behov. I nokre kommunar blir skulehelsetenesta for vidaregåande skule drive saman med helsestasjon for ungdom.

Fastlegeordninga

Fastlegen er ofte det første og viktigaste stoppet til pasienten på vegen inn mot helsevesenet. I Noreg kan alle som ønsker det, få sin eigen fastlege. Kommunen har ansvaret for å sikre befolkninga eit tilbod om fastlege. Ein har rett til å bestemme kva fastlege ein vil gå til, men fastlegen har plikt til å prioritere innbyggarane på si eiga liste. Du kan velje fritt mellom allmennlegar som har ledig kapasitet. Fastlegeordninga er frivillig, og du kan byte fastlege inntil to gonger i året.

Det er fastlegen si oppgåve å koordinere behova pasienten har for medisinsk hjelp. På dagtid har legen ansvaret for kvardagslege legetenester til pasientane sine. Er det behov for legehjelp på kveldstid, blir legevakta kontakta. Vanlegvis møter pasienten til avtalt time på legekontoret og får diagnose og behandling av fastlegen sin. Dersom tilstanden krev meir spesiell behandling enn det legen kan tilby, blir pasienten vist til ein spesialist for vidare utgreiing og behandling.

Ein lege lyttar på magen til ei ung jente som ligg på ein benk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Legevakta

Legevakttenesta er berekna for pasientar som har behov for legehjelp på kveldstid og natt, og som ikkje kan vente til neste dag. Mange store kommunar tilbyr òg legevakt på dagtid. Legar med fastlegeavtale har plikt til å delta i legevaktordninga utanom vanleg opningstid.

Hos legevakta blir dei alvorlegaste tilstandane behandla først. Derfor varierer ventetida frå person til person. Ein lege på vakt kan òg bli kalla ut til akutte hendingar.

Heimetenesta

Personar som er avhengige av hjelp for å klare gjeremåla i dagleglivet, har rett på heimebaserte tenester. Heimetenesta består av heimesjukepleie til helsetenester og heimehjelp til praktiske gjeremål i eigen bustad eller i omsorgsbustad.

Ei kvinneleg hjemmehjelp gir drikke til ei eldre kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bustad- og institusjonstenesta

Institusjonstenesta er eit tilbod for personar som er avhengige av regelbunde tilsyn eller pleie og omsorg heile døgnet. I Noreg bur omtrent 40 000 menneske på institusjonar.

Sjukeheimar

Det er sjuke, eldre og brukarar med nedsett funksjonsevne som får tildelt plass på sjukeheimar. Her får bebuarane kontinuerleg tilsyn og pleie av kvalifisert helsepersonell. Sjukeheimen kan vere delt opp i ulike avdelingar som er tilpassa kvar brukargruppe etter ønske, behov og helsetilstand. Til dømes bur brukarar med diagnosen demens på eigne avdelingar.

Dei fleste sjukeheimar er eigde av kommunane, men ein del kommunar har inngått avtale om sjukeheimsdrift med private føretak, organisasjonar og stiftingar. Det er vanlegvis eldre menneske som ikkje klarer seg med heimesjukepleie eller heimehjelp, som får langtidsplassar på sjukeheimar. Nokon får òg sjukeheimsplass som ei avlasting for familiemedlemmer og pårørande.

Kommunale bustadtenester

Andre kommunale butiltak som inneber eit butilbod med heildøgns omsorg og pleie, blir sidestilte med sjukeheimar og følger det same lovverket. Det finst òg institusjonar med tilbod for barn og ungdom, og tilbod om opphald som er spesielt tilrettelagt for personar med nedsett funksjonsevne.

Kommunale helse- og velferdssenter

I nokre kommunar blir fleire helsetilbod samla i såkalla helse- og velferdssenter. Her kan dei som treng mykje hjelp, velje om dei vil bu på ein sjukeheim eller få tenester i ein omsorgsbustad eller i eit bukollektiv. Nokre helse- og velferdssenter gir særskilde tilbod til eldre innvandrarar, yngre demente, personar med psykiske lidingar, psykisk utviklingshemma og døvblinde. Kortvarige opphald blir tilbodne ved helsehus.

Fysioterapi

Den offentlege fysioterapitenesta er ansvaret til kommunen. Ho har som oppgåve å tilby medisinsk habilitering og rehabilitering til befolkninga. Habilitering betyr tiltak som gir ein person med nedsett funksjonsevne høve til å leve så normalt som mogleg eller å delta i yrkeslivet. Rehabilitering er tiltak som skal få ein person med eit handikap raskare tilbake til det normale livet eller arbeidslivet.

Kommunal fysioterapiteneste blir utøvd på helsestasjon, i skule, i barnehage, på sjukeheimar, i omsorgsbustader og til pasientar som treng opptrening etter sjukehusinnlegging. Kommunen kan organisere fysioterapitilbodet ved å tilsetje fysioterapeutar i kommunale stillingar eller ved å inngå driftsavtale med fysioterapeutar som driv privat verksemd. Fysioterapi blir òg gitt på sjukehus (spesialisthelsetenesta) og ved private opptreningsinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak (RHF).

Ein mannleg fysioterapeut støttar ein mann som bruker stokk i eit treningsrom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Psykisk helsearbeid i primærhelsetenesta

Organiseringa av det psykiske helsearbeidet varierer frå kommune til kommune. Psykisk helsearbeid i kommunane er retta mot menneske med psykiske problem og mot konsekvensar av lidingar hos pasienten sjølv, familien til vedkommande og det sosiale nettverket. Tilbodet består av utgreiing, behandling og rehabilitering av både lettare psykiske vanskar og alvorlege psykiske lidingar.

Psykisk helsearbeid for barn og unge omfattar tilbod til utsette barn og unge og førebygging for å hindre utvikling av psykiske lidingar, rusavhengnad og andre psykososiale problem.

Jordmortenesta

Jordmortenesta er ein del av kommunehelsetenesta, og ho er som oftast på ein helsestasjon i nærområdet. Jordmortenesta omfattar alle stadium ved å få barn og dermed både svangerskap, fødsel og barseltid. Det viktigaste i jordmortenesta er å skape tryggleik rundt graviditet og fødsel.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse er òg ansvaret til kommunane, sjølv om nokre kommunar vel å la private aktørar drifte tenesta. Kommunen vurderer behovet for tenester, men det er brukaren sjølv, eventuelt med bistand frå føresette eller pårørande, som er arbeidsleiar og organiserer arbeidet.

Utfordringar til deg

  1. Kvar finn du helsestasjon for ungdom i kommunen eller bydelen din?

  2. Kva pasientar og situasjonar er legevakta berekna for?

  3. Kva helsetilbod kjenner du til for førebygging av psykiske plager blant barn og unge?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Vigdis Haugan. Rettshavar: Norsk Helseinformatikk
Sist fagleg oppdatert 02.02.2023

Læringsressursar

Oppbygging av tenestene