Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

9. august – Internasjonal dag for verdas urfolk

Publisert: 06.09.2010 (14:02) , Oppdatert: 26.11.2010 (09:28)
Redhawk indianer

Niande august er internasjonal dag for verdas urfolk. Denne dagen blei innførd i 1994. Datoen er vald fordi FNs arbeidsgruppe for verdas urfolk hadde møte for første gong på denne datoen i 1982.

Det er FNs permanente forum for urfolkssaker som har vedteke at verdas urfolk skal markerast med ein eigen dag. I utgangspunktet skulle dette vere ei årleg markering i løpet av eit tiår med fokus på urfolk. Dette tiåret blei kalla Det internasjonale tiåret for verdas urfolk. I 2004 blei det vedteke at ein skulle få eit nytt tiår, slik at dagen framleis skal markerast fram til 2015.

Mål for arbeidet

Det første tiåret som var dedikert til urfolk, hadde som mål å styrke internasjonalt samarbeid for å løyse problem som gjaldt urfolk verda over, som menneskerettar, miljøproblem, utvikling, utdanning og helse.

Det andre tiåret, som starta i 2005, har som mål framleis å styrke det internasjonale samarbeidet på dei områda som er nemnde over. I tillegg blir kultur nemnd, og utvikling blir spesifisert som både sosial og økonomisk.

Problema til samar og andre urfolk

I 2005 blei Ole Henrik Magga intervjua i samband med 9. august-markeringa. Magga er tidlegare president i Sametinget og tidlegare leiar av FN-forumet for urfolkssaker. Han sa da at det over heile verda er urfolk som kjempar ein dagleg kamp for å overleve, og at mange av dei står i fare for å forsvinne. I intervjuet understreka han at sjølv om det har vore ei positiv utvikling for rettane til samar i Noreg dei siste 10 til 20 åra, er det framleis mange problem som ikkje er løyste. Mellom anna nemnde han det faktum at den samiske språkopplæringa i barnehagar og skolar framleis er for dårleg. Eit anna punkt Magga understreka, er at eit av dei største problema for urfolk generelt, inkludert samane, er ikkje at det er nokon open motstand mot desse innbyggjargruppene, men at spørsmål som vedkjem dei ofte blir oversette.1

Tilrå
16

Andre ressursar

Frå NyGiv

Brukast i

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve