Hopp til innhald

Fagstoff

Dømet Australia

Australia har ei lang historie bak seg med undertrykking og diskriminering av urinnbyggjarane i landet, aboriginane. Aboriginar er ei samnemning på ei rekkje regionale urfolksgrupper i Australia. Trass i at Australia røysta nei begge gongene erklæringa om rettane til urfolk var oppe i generalforsamlinga til FN, har landet teke nokre lange steg i rett retning sidan erklæringa blei vedteken hausten 2007.
Aboriginer og artist Les Saxby spiller didgeridoo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Ein reknar med at dei har levd i Australia i mellom 50 000 og 70 000 år. Det gjer dei til nokon av dei eldste folkegruppene vi veit om.

Storbritannia starta med å folkesetje landområda i Australia da dei sende straffangar dit på slutten av 1700-talet. Britane tok landområde som var aboriginane sine, og massakrerte menneska som levde der. Dei britiske skipa førte også med seg sjukdommar. Koppar var ein av dei verste epidemiane og skal ha drepe nærmare 50 % av Australias urinnbyggjarar i løpet av dei første åra med britisk kolonisering. Kombinasjonen av sjukdommar, massakrar og tap av land gjorde at totalt 90 % av ein folkesetnad på ein million blei utrydda.

Australia blei uavhengig frå Storbritannia i 1901. I grunnlova som blei skriven, er ikkje aboriginane nemnde med eit ord. På 1900-talet dreiv den australske staten tvangsassimilering av aboriginbarn. Opp mot 30 % av barna blei fjerna frå foreldra med tvang og plasserte i fosterheimar. Desse unge aboriginane blei sende til skolar for at dei skulle endre kulturen sin. Dette var noko som varte heilt opp til 1970-talet. Barna som blei tvangsplasserte i kvite fosterheimar, blir no gjerne referert til som "den stolne generasjonen".

Før 1967 blei ikkje aboriginane sett på som fullverdige innbyggjarar og er ikkje rekna med i folketeljingane.

I dag er det omtrent 500 000 aboriginar i Australia, og dei er den mest diskriminerte gruppa i landet. Politikken som har blitt ført mot aboriginane, har leidd til at denne innbyggjargruppa har dårleg utdanning, langt kortare levetid enn andre australiarar og store alkohol- og narkotikaproblem.

Offentleg orsaking

aboriginere samlet for å høre Kevin Rudds unnskyldning, 2008. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hausten 2007 blei Kevin Rudd vald til statsminister i Australia. Han erklærte med ein gong at rettane til aboriginane ville vere eit viktig punkt i politikken hans. Han følgde opp 13. februar 2008 med å be om orsaking på vegner av australske styresmakter for den behandlinga aboriginane har fått. ”I dag tek vi det første steget på vegen mot å erkjenne fortida, samstundes som vi gjer krav på ei framtid som omfattar alle australiarar.”[1] Rudds tale var den første han heldt til nasjonalforsamlinga som statsminister, og han sa også mellom anna: ”Til mødrer og fedrar, til brør og systrer, fordi vi har brote opp familiar – vi ber om orsaking. For audmjukinga og degraderinga som vi på denne måten har valda ein stolt kultur og eit stolt folk – vi ber om orsaking.”[2] I forkant av orsakinga heldt aboriginar ein historisk seremoni i parlamentet med dans og tradisjonell song.

Sommaren 2008 heldt Rudd fram med å rette interessa mot aboriginane og ytra at han ønskte å ta rettane deira inn i grunnlova. Dette var ei markert endring i australsk politikk etter at statsministeren mellom 1996 og 2007, den konservative politikaren John Howard, nekta å komme med ei offentleg orsaking – sjølv etter at det blei lagt fram ein rapport om barna som blei fjerna frå foreldra sine med tvang. Våren 2007 ytra Mal Brough, daverande minister for urinnbyggjarar, at ein må tvinge aboriginske barn til å lære seg engelsk for å unngå at dei blir fanga av fattigdom og dårlege økonomiske kår.[3]

Relatert innhald

I 90 land verda over lever til saman nærmare 370 millionar menneske som blir rekna som urfolk (2015).

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2017

Læringsressursar

Mangfald og endring