Hopp til innhald

Kortfilm

Norrøn mytologi: Balders død

”Den vakre og rettferdige Balder drøymde store draumar om at hans eige liv var i fare. Han fortalde æsene om draumane sine, og dei rådslo med kvarandre og bestemde seg for å gjere alt for å verne han …”

Samandrag av myten om Balders død

Balder var sonen til Odin og Frigg, og den vakraste av æsene i Åsgard. Alle sørgde djupt då han vart drepen ved eit mistak av bror sin, Hod, og gudane bad dødsgudinna Hel om å la Balder få komme tilbake til livet. Dette gjekk ho med på, dersom alt og alle i universet sørgde over han. Alle sørgde, bortsett frå ei kone, som viste seg å vere Loke i forkledning. Dermed var Balder fanga i underverda.

Les heile forteljinga her: Myten om Balders død fra norrøn mytologi

Relatert innhald

Ei innleiande oppgåve om mytar og mytologi.

CC BY-SASkrive av Anne Ely Thorenfeldt.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Metodar for utforsking