Hopp til innhald

Fagstoff

Pitch og NABC-metoden

Å selje inn ein idé eller eit konsept på ein kortfatta måte blir kalla å «pitche». Det vil seie at du presenterer ideen din kort og får han til å framstå som fordelaktig for kunden.

Sjølv om du sikkert har mange argument og mykje du vil seie om ideen, skal ein pitch berre innehalde det viktigaste du treng for å forklare og «selje» ideen. Spar på detaljane og del dei heller viss kunden spør.

Ein idé bør kunne forklarast på mellom fire og åtte minuttar til nokon som ikkje kjenner til han frå før. Det heiter at presentasjonen bør tole «heistesten». Det vil seie at det skal vere mogleg å presentere konseptet ditt om du skulle treffe på nokon du ønskjer å selje inn ideen din til, i heisen.

Vi snakkar rett nok om heisturar i skyskraparar, men poenget er at du må vere rask, presis og overtydande.

Pitch og NABC-metoden

Du kan gjerne bruke NABC-metoden sine retningslinjer som utgangspunkt for ein pitch:

  • 5 % av tida, 24 sekund: Få lyttarane si merksemd.
  • 20 % av tida, 1 minutt og 36 sekund: Need. Beskriv behovet ideen din dekkjer, og for kven.
  • 50 % av tida, 4 minuttar: Approach. Beskriv forslaget ditt og kvifor det er relevant og unikt.
  • 10 % av tida, 48 sekund: Benefit. Kva fordelar vil komme ut av konseptet ditt?
  • 10 % av tida, 48 sekund: Competition. Korleis er prosjektet ditt annleis enn liknande prosjekt? Kva for risikofaktorar følgjer med prosjektet, og korleis kan dei løysast?
  • 5 % av tida, 24 sekund: Oppsummering av poenga dine.

Det er anbefalt å bruke visuelle hjelpemiddel, gjerne bilete eller moodboards, men helst ikkje fleire enn fem sider. Det gjeld anten du har med deg ein digital presentasjon eller plansjar som du viser fram.

Før du presenterer ideen for ein kunde, bør du øve på å pitche han til andre. På den måten kan du få tilbakemeldingar som kan hjelpe deg med å betre presentasjonen din til det verkeleg gjeld.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2021

Læringsressursar

Forretningsidéar og mål